Gratulerer med dagen, romar! Tavel bachtalo to maro djes!

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I dag, 8. april, er det den internasjonale romdagen. – Dette er ein dag for å markere romane sin rike kultur og sitt levande språk. Eg vil på vegne av regjeringa gratulere alle romar med dagen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I Noreg er romane ein av fem nasjonale minoritetar og ein viktig del av det norske fellesskapet.

– Regjeringa arbeider for at romar skal få ta vare på og utvikle sin identitet, og at dei aktivt og trygt kan delta i det norske samfunnet, seier Gjelsvik.

Statsråden trekk fram det viktige arbeidet som blir gjort på Romano Kher – romsk kultur- og ressurssenter. Romano Kher er ein møtestad for norske romar. Kultur- og ressurssenteret arbeider mellom anna med å formidle, bevare, styrke og utvikle romsk språk og kultur i Noreg. Senteret opna i 2018, som eit resultat av statens kollektive oppreisning til norske romar.

–Eg vil takke Romano Kher og alle norske romar for innsatsen de gjer for å styrke og vidareutvikle språket romanes og romsk kultur, seier statsråden.

Om dagen

Den internasjonale romdagen blei skipa på den første verdskongressen for romar som fann stad i London i 1971. Romske representantar frå heile Europa samla seg for å setje i gang eit arbeid for å fremje romsk kultur og språk. I Noreg blir dagen markert for 13. gong.