Grøntprodusentar og reindriftsutøvar i kamp om gjev pris

Salat, potet, tomat og «sjitne gulrøde» kjempar side om side med reinkjøtt om å vinne årets nasjonale bedriftsutviklingspris i landbruket. Konkurransen er hard – og dei tre bedriftene som kjempar om den gjeve prisen er Bjærtnes og Hoel AS frå Vestfold, Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag.

– Eg er imponert over kva landbruket kan vise til av godt og lønsamt entreprenørskap. Dei tre nominerte til den nasjonale Bygdeutviklingsprisen for 2017 er fram i frå døme på nyskaping og kreativitet i reindrifta og grøntnæringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

De nominerte
De nominerte til årets nasjonale bedriftsutviklingspris i landbruket, Bjertnæs og Hoel AS frå Vestfold, Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag. Foto: MayLinda/Tom Gustavsen/Nadia Frantsen

– Vi sit også i år igjen med tre svært gode og spennande bedrifter til årets pris. Konkurransen er knallhard noko som synleggjer mangfaldet og gründerånda blant  gardsrelaterte næringar i heile landet. Å velje ein vinnar har ikkje vore enkelt, med det er ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så gode og interessante kandidatar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Prisen vert delt ut i Berlin den 18. januar i samband med verdas største landbruks- og matmesse Internationale Grüne Woche. Det er landbruks- og matminister Jon Georg Dale og direktør for Bærekraft divisjonen i Innovasjon Noreg, Inger Solberg som deler ut heidersprisen. Vinnaren reiser heim frå Berlin 250 000 kroner rikare. 

 

Innovativ landbruksutvikling

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare bygdeutviklingsprisen) har vorte delt ut kvart år sidan 1997.  Det vert  først kåra ein vinnar i kvart fylke som mottar 50 000 kroner. Fylkesvinnerane går så vidare til den nasjonale konkurransen der prisen er på 250 000 kroner. Prisen skal gå til ei verksemd som har etablert ein innovativ og berekraftig bedrift eller næring med basis i bygdas og landbrukets ressursar. 

– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre dei innovative næringsverksemdene vi har innanfor landbruket i  Noreg. Det er eit stort mangfald og ei spennande utvikling som skjer innan dette området, noko dei tre nominerte bedriftene synleggjer, fortel Krohn Traaseth. 

Salat og potet i stor skala

Bjertnæs salat på Nøtterøy vart etablert i 2005 og fusjonerte med familiebedrifta Hoel på Spikkestad i 2009. Hovudkontoret ligg på Smidsrød Gård på Nøtterøy. 

Bjærtnes og Hoel AS har gjort god butikk av noko så «enkelt» og i utgangspunktet billeg som potet gjennom eiga merkevarebygging og landsdekkande distribusjon. Småpoteten erstattar i betydeleg grad import. Hovudproduksjonen er isbergsalalt, hjartesalat og småpotet, der omsetninga i hovudsak går gjennom Gartnerhallen/Bama til Norgesgruppen, Rema og HoReCa. 

Bjærtnes og Hoel AS er ein stor arbeidsgjevar for arbeidarar frå mange land, og legg stor vekt på å skape ein kultur prega av respekt, rausheit og samarbeid. Bjærtnes og Hoel AS er første frilandsgartneri i Noreg som er godkjent etter kvalitetsstandarden Global GAP (Good Agricultural Practice). 

«Sjitne gulerøde» og andre grønsaker

Jone Wiig overtok familiegartneriet i 2015 som då var eit av dei 5 største tomatgartneria i landet. Seinare er drifta lagt om til også å inkludere agurk og bringebær i veksthusa og blomkål, kålrabi, gulrøter og kinakål på friland. På grunn av gode vekstforhold er frilandsgrønsakene frå Wiig blant dei første på marknaden. 

Verksemda har eige pakkeri for å sikre kvalitet i alle ledda og har distribusjon over heile landet. Gartneriet nyttar ikkje kjemiske sprøytemiddel, brukar humler til naturleg bestøving og rovmidd mot skadegjerande insekt. 

Ei allereie kjent merkevare frå bedrifta er «sjitne gulerøde» som både held seg lenger og smakar betre. Gulrøtene vann to prisar under Det Norske Måltid i 2017. 

Jone Wiig er ein drivar i miljøet, med tett og aktivt samarbeid med FoU, andre produsentar og kokkemiljø for vidareutvikling både med omsyn til biologi, berekraft og produktutvikling. Siste skot på stamma er utvinning av salt i havet utanfor garden og gartneriet. 

Første reinbedrift til finalen

Rørosrein AS er den første verksemda innan reindrift som har vunne den fylkesvise bedriftsutviklingsprisen i landbruket. 

Rørosrein AS eigd av to sørsamiske familiar med reindrift i Rørosområdet. På landbrukseigedomen er det produksjonslokale og koie der det vert tilbydd servering til slutta lag og kulturhistorie og opplevingar som til dømes reinkøyring. 

Dei foredla varene vert selt gjennom Rørosmat, eige utsal, messer og utvalde butikkar. Rørosrein AS samarbeider tett med det sterke matmiljøet på Røros, og er dyktige og synlege formidlarar på Bondens Marknad, Trøndersk Matfestival, Matstreif m.v. 

Rørosrein AS held i hevd reinsdyrdrift på naturens premissar, og er dyktige og viktige ambassadørar og rollemodellar for sørsamisk miljø og kultur, bl.a.  gjennom tv-serien 8 årstider. 

Kontakpersonar hos dei nominerte: 

Kontaktperson Innovasjon Noreg

Kjell Bruvoll
Mobil: 958 58 629

Til toppen