Vis heile kalenderen

20.06.2017

  • Halvårleg pressekonferanse

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Parkveien 45 i Oslo

    Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse tysdag 20. juni i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 09.15. Statsministeren kjem om lag kl. 10.10, og pressekonferansen startar kl. 10.30.

    Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

    Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 08.30. Det er lagt til rette for tapping av lyd. Pressekonferansen vert overført på regjeringen.no nett-tv og Facebook Live.

    Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.