Historisk arkiv

Haugalandspakka:

Meir effektiv og miljøvennleg vegtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Utbygging av vegprosjekta i Haugalandspakka vil føre til meir effektiv og miljøvennleg vegtransport, færre trafikkulykker og reduksjon i talet på personar som er utsett for støyplager frå vegtrafikken. Tiltak for å styrkje kollektivtransporten og nye gang- og sykkelvegar er dessutan ein viktig del av Haugalandspakka.


- Utbygging av vegprosjekta i Haugalandspakka vil føre til meir effektiv og miljøvennleg vegtransport, færre trafikkulykker og reduksjon i talet på personar som er utsett for støyplager frå vegtrafikken. Tiltak for å styrkje kollektivtransporten og nye gang- og sykkelvegar er dessutan ein viktig del av Haugalandspakka.  


Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland.

Hauglandspakka omfattar i hovudsak utbetringstiltak på E134 og riksveg 47 og ein del tiltak på fylkesvegnettet. I tillegg er det lagt til grunn at det skal gjennomførast tiltak på E39.

Forslaget frå regjeringa følgjer opp ønske frå lokalt hald og gjeld mellom anna heimel til å innføre bompengeinnkrevjing for å sikre finansieringa av utbygginga, i tråd med lokalpolitiske vedtak. Endelege prioriteringar og omfanget av statlege midlar skal mellom anna vurderast i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010 – 2019 og i samband med dei årlege budsjetta.

Finansieringa av Haglandspakka byggjer på bompengar, statlege midlar og fylkeskommunale midlar. Den samla økonomiske ramma for utbygginga er om lag  1,7 milliardar kroner.

 

På 134 Haugesund – Etne er det aktuelt med desse prosjekta: Skåredalskrysset, Skjold – Solheimskrysset, Liaheia – Våg, Espelandssvingane, Knapphus – Solheim, Ølen og Laurareid – Håland.  I tillegg er det på E134 lagt opp til ein del mindre investeringstiltak, mellom anna utbetring av kryss, bygging av gang- og sykkelvegar og tiltak som gjer trafikken tryggare og betrar miljøforholda langs vegen.

På E39 er det lagt opp til å gjennomføre fleire investeringstiltak mellom Arsvågen og fylkesgrensa mot Hordaland.

På riksveg 47 Haugesund – Sveio er desse prosjekta aktuelle: Omkøyringsveg Norheim – Raglamyr, Ny Risøyforbindelse og Karmsundsgata mellom kryss med E134 og Austrheimsringen. I tillegg er det aktuelt å byggje om strekningar frå Haugesund nord og nordover til fylkesgrensa mot Hordland og strekningar gjennom Sveio i Hordaland. Utbygginga på riksveg 47 omfattar dessutan  gang- og sykkelvegar, tiltak for kollektivtrafikken og tiltak som gjer trafikken tryggare og betrar miljøforholda langs vegen.

Det er også aktuelt å gjennomføre prosjekt og tiltak på fylkesvegnettet. – Det ligg føre ei prioriteringsliste for aktuelle fylkesvegprosjekt. Prioriteringane vil skje i dei årlege fylkesvegbudsjetta. Prioritering av bompengar til fylkesvegprosjekta vil bli behandla i dei årlege riksvegbudsjetta, går det fram av forslaget frå regjeringa.  

 

Til redaksjonen: Statsssekretær Steinulf Tungesvik, Samferdselsdepartemenet, er fredag 30. mars tilgjengeleg for intervju og kommentar på telefon 91 80 56 20.

 

For fleire opplysningar og kartskisse – sjå: St.prp. nr. 57 (2006 – 2007) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland.