Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Sogn og Fjordane fredag 1. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Høie besøker mellom anna smertepoliklinikken i Florø, dagtilbodet ved Flora omsorgssenter, og han skal opne den nye interkommunale legevakta i Førde.

Program:

Florø

Kl 10.05–10.50: Smertepoliklinikken, Sunnfjord medisinske senter,
adresse: Hans Blomgata 39.

Smertepoliklinikken skal yte tenester til pasientar med kroniske smerter. Målsettinga er å lindre smerter og/eller gi betre smertemestring. Tilbodet  vert tilpassa den einskilde sitt behov. Statsråden får ei orientering om tilbodet og får treffe pasientar.

Kl 10.55–11.45: Flora omsorgssenter, 
adresse: Kinnvegen 1.

Helse- og omsorgsministeren får ei orientering om dagtilbodet ved omsorgssenteret og får treffe brukarar og tilsette. I regjeringa si reform "Leve hele livet" er aktivitet og fellesskap eit satsingsområde. Det skaper god fysisk og psykisk helse.

Førde

Kl 12.50–13.15: Møte med Helse Førde, 
adresse: Møterom 4, Førde sentralsjukehus.

Helse Førde fekk lånetilsegn til utbygging på statsbudsjettet i fjor haust, og orienterer om utbyggingsplanane.

Kl 13.15–14.00: Opne interkommunal legevakt
adresse: Nybygg Aust ved Førde sentralsjukehus. 

Bygget blir 500 kvadratmeter stort. Den nye legevakta skal også romme overgrepsmottak og kommunal akutt døgneining (KAD-avdeling). Helse- og omsorgsministeren opnar den nye legevakta.

Pressa er velkommen til å delta, og helse- og omsorgsministeren er tilgjengeleg for kommentarar.