Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Vest-Agder onsdag 19. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråden besøkjer Sørlandet sykehus Kristiansand, heimebaserte tenester i kommunen, Songdalstunet tenestelandsby og Mandal.

Program

Kristiansand:

Kl.: 10.00-12.00 Sørlandet sykehus Kristiansand,
adresse: Egsveien 100.

Kl 10.00-10.55: Helse- og omsorgsministeren besøkjer Kompetansetjenesten for flåttbårne sykdommer. Han får høyre om senteret sitt arbeid, forsking på området og om utreiing og rehabilitering av pasientar med mistenkt flåttsjukdom. Han skal og besøkje mikrolaboratoriet for å sjå korleis ein arbeider med blodtestar.

Kl 11.00-12.00: Møte med leiing og tillitsvalde ved Sørlandet sykehus. Møta er lukka for pressa.

Kl.:  12.15-13.00 Heimebaserte tenester i kommunen

Kl 12.15-12.30: Statsråden besøkjer ei eldre dame som mottek heimebaserte tenester frå kommunen. Adresse: Blokkhusgata 10, 5 etg.

Kl 12.30-13.00: Kongens senter eldresenter, adresse Dronningens gate 42

Kristiansand skil seg frå andre byar ved at byen har meir heimebasert omsorg og færre eldre på institusjon. Helse- og sosialdirektør i Kristiansand, Wenche P. Dehli, legg fram hovudpunkt i ein fersk rapport som syner korleis organisering, leiing og samarbeidskultur bidreg til ein god og effektiv eldreomsorg.

Songdalen

Kl.: 13.45-14.30 Songdalstunet tenestelandsby,
adresse: Songdalsvegen 60

Statsråden besøkjer Songdalstunet tenestelandsby. Der får han høyre om korleis kommunen gjennom eit prosjekt jobbar for at tilsette innan helse og omsorg skal jobbe mindre deltid og auke stillingsprosenten sin.

Mandal

15.45-16.30 Valkamp i Mandal

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.