Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie vitjar Folkehelseinstituttet om zika-viruset

Verdas helseorganisasjon har erklært at opphopinga av fosterskaden mikrokefali, og andre nevrologiske tilstander i Brasil i 2015-2016 og Fransk Polynesia i 2014, er ei internasjonal folkehelsekrise. Den auka førekomsten av desse tilstandane kan ha samanheng med utbrot av zika-feber i dei same områda.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie vitjar Folkehelseinstituttet for å få ei orientering om zika-viruset, utfordringane og kva Noreg kan gjera.

Smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet, John-Arne Røttingen og divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Svein Lie gir statsråden ei orientering om arbeidet globalt og nasjonalt med zika-viruset.  

Tid: 3. februar kl. 12.15-13.00.

Stad: Folkehelseinstituttet

Adresse: Marcus Thranes gate 6, Oslo

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.