Historisk arkiv

Her blir det femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Til saman seks høgskular og universitet får no pengar til å førebu oppstart av masterutdanning innan praktiske og estetiske fag. Både Nord universitet, Universitetet i Sørøst-Norge, Høgskulen på Vestlandet, Norges idrettshøgskole, Høgskolen i Innlandet og OsloMet ønskjer å tilby den nye utdanninga.

I den nye masterutdanninga skal studiestader kunne gje undervisning i både dans, design, kunst og handverk, drama og teater, kroppsøving og idrettsfag, mat og helse og musikk.

– Dette er fag som både gjev viktige kunnskapar og gode ferdigheter, og som medverkar  i skulen sitt oppdrag for danning . I eit folkehelseperspektiv er dei uunnværlege. Eg er derfor  veldig glad for at så mange studiestader framleis ønskjer å tilby lærarutdanning i dei praktiske og estetiske faga når utdanninga no blir løfta til masternivå, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).  

Skulen treng kompetanse innan praktisk og estetiske fag

Regjeringa har som mål at mastergrad skal vere hovudmodellen for lærarutdanninga i Noreg. Dette skal kome elevane til gode og gjere læraryrket meir attraktivt. I dag manglar rundt halvparten av lærarane som underviser i dei praktiske og estetiske faga, formell kompetanse.

– Regjeringa ønskjer at alle elevar i skulen skal møte lærarar med kompetanse i faga dei underviser i. Ei ny masterutdanning for lærarar i praktiske og estetiske fag vil løfte kvaliteten på undervisninga og styrke profesjonsfellesskapet i desse faga, seier Asheim.

Medan grunnskulelærarutdanningane blei femårige masterløp i 2017, har faglærarutdanningane i praktiske og estetiske fag fram til no vore treårige.

I 2018 blei det sett ned eit utval som skulle sjå på moglegheiten for å utvikle ei femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, med fleire undervisningsfag. Utvalet tilrådde ei masterutdanning, særleg fordi det er låg kompetanse i desse faga i skulen i dag.

 5 millionar kroner til kompetanseheving og førebuingar

For å kunne tilby masterutdanninga må universiteta og høgskulane byggje kompetanse og førebu seg. Dei som har søkt om midlar, får i år til saman 5 millionar kroner til dette arbeidet. For kvart av åra 2021, 2022 og 2023 vil det bli delt ut ytterlegare 2,5 millionar, med atterhald om godkjenning i Stortinget.

Norges idrettshøgskole vil ta opp studentar til den femårige utdanninga allereie neste år. I 2022 kjem fem andre studiestader på banen. Frå 2023 vil det ikkje lenger vere mogleg å ta opp studentar til den treårige faglærarutdanninga i praktiske og estetiske fag.

Desse har fått pengar til å førebu femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag:

Institusjon

2020

2021

2022

2023

Totalt

Nord universitet

1 000 000

1000 000

500 000

1 000 000

3,5 mill.

Universitetet i Sørøst-Norge

700 000

 

 

 

0,7 mill.

Høgskulen på Vestlandet

1 000 000

500 000

1 000 000

1 000 000

3,5 mill.

Norges idrettshøgkole

800 000

 

 

 

0,8 mill.

Høgskolen i Innlandet

500 000

500 000  

 

 

1 mill.

OsloMet

1 000 000

500 000

500 000

500 000

2,5 mill.

Blir  delt ut seinare

 

 

500 000

 

0,5 mill.

Sum

5 000 000

2 500 000

2 500 000

2 500 000

12,5 mill.

Vil gje tilbod om både idrett og kunst

Alle studiestadene som har søkt om midlar har oppgitt kor mange studieplassar dei ønskjer seg og også kva slags fag dei vil tilby. Dei fem institusjonane i Sør-Noreg planlegg blant anna masterfordjuping i kroppsøving og idrettsfag til ca 190 nye studentar kvart år.

Etter planen vil dei tre institusjonane i Vestland, Innlandet og Nordland kunne ta inn ca. 70 studentar årleg til lærarutdanning med musikk. I tillegg planlegg OsloMet  å ta inn minst 60 studentar årleg i design, kunst og handverk.

Nokre institusjonar vurderer også å tilby fordjuping i fleire fag.

Blir lettare å få jobb

Faglærarutdanninga i dag gjev berre fordjuping i eitt fag. Regjeringa ønskjer at studentar på den nye masterutdanninga skal velje eitt eller to skulefag i tillegg til masterfaget. Dette kan vere eit anna praktisk eller estetisk fag, eller det kan vere fag som til dømes matte, norsk og samfunnsfag.

-  Dette vil gje studentane bedre moglegheiter når dei skal  søkje jobb. Det er lettare for ein rektor å tilsette ein lærar som kan undervise i fleire fag i ei fulltidsstilling. Kandidatar frå denne utdanninga kan også bli tilsett i kulturskulen, gjerne i delt stilling med skulen, viss dei har relevante fag, seier Asheim.