Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 2

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 2, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 11. januar
Kl. 11.00: Utanriksminister Brende held eit innlegg for Kongsberg Gruppen. Stad: Radisson Blu, Holbergs plass, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 12. januar
Utanriksminister Brende reiser til Tyrkia for politiske samtaler. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Ankara.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Onsdag 13. januar
Kl. 12.30: Utanriksminister Brende held eit foredrag for Det Norske Selskab. Stad: Det Norske Selskab, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende er vert for ein arbeidsmiddag for Island sin utanriksminister, Gunnar Bragi Sveinsson. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 14. januar
Kl. 11.15: Utanriksminister Brende møter dronning Rania av Jordan. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 15. januar
Utanriksminister Brende deltek på Trøndelagsmøtet i regi av Nord-Trøndelag fylkeskommune. Stad: Hell.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Peder Weidemann Egseth

Søndag 17. januar
Kl. 15.30: Utanriksminister Brende er til stades under festforestillinga i samband med feiringa av 25-årsjubileet for kongeparet. Stad: Universitetets Aula, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Måndag 11. januar
Statsråd Aspaker deltek på Høgre sin felleskonferanse fram til ca kl 12, på Sundvollen i Hole.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11 754.

Tysdag 12. januar
Kl. 10.00: Statsråd Aspaker deltek på Nord-Norge-samlinga i Høgre. Stad: Høgres Hus, Oslo.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11754.

Kl. 14.00: Statsråd Aspaker svarer på ein interpellasjon i Stortinget.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 13. januar
Kl. 08.30: Statsråd Aspaker møter medlemane i delegasjonen til Nordisk råd. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 13.30: Statsråd Aspaker møter den islandske utanriksministeren Gunnar Bragi Sveinsson. Stad: UD.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536..

Kl. 18.00: Statsråd Aspaker deltek i ein middag med utanriksminister Brende og Island sin utanriksminister. Stad: Professorboligen, Universitetet i Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta i UD, 23 95 00 02.

Fredag 15. januar
Kl. 19.00: Statsråd Aspaker deltek på regjeringa sin nyttårsmiddag. Stad: Parkveien 45.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Søndag 17. januar
Kl. 16.00: Statsråd Aspaker er tilstades under festforestillinga i Universitetets Aula i samband med feiringa av 25-årsjubileet for kongeparet.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Statssekretær Tore Hattrem

Torsdag 14. – fredag 15. januar
Statssekretær Hattrem reiser til New York for møte i FN. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New York.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Fredag 15. – søndag 17. januar
Statssekretær Skogen deltek på opningsseremonien og det første møtet i guvernørrådet i Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB). Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Beijing, Kina

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 12. januar
Kl. 10.30: Statssekretær Tronstad møter den humanitære organisasjonen Caritas. Tema for møtet er den europeiske migrasjons- og flyktningsituasjonen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 14. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Tronstad møter Hydro som vil informere om sin europapolitiske agenda. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.