Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 17

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 17, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 25. april
Kl. 12.00: Utanriksminister Brende vitjar Kristiansand og inviterer til paneldiskusjon om vegval i norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Møtet kan også følgjast direkte på nett-tv. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Universitetet i Agder, Kristiansand

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Tysdag 26. april
Kl.12.30: Utanriksminister Brende er i Stortinget i samband med handsaminga av Meld. St. 35 (2014-2015) Sammen om jobben. Næringsutvikling i utviklingssamarbeidet, Meld. St. 37 (2014-2015) Globale sikkerhetsutfordringer i utenrikspolitikken, Meld. St. 8 (2015-2016) Eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 2014, eksportkontroll og internasjonalt ikke-spredningssamarbeid og innstilling frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen om avhending av brukt/utrangert forsvarsmateriell. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 28. april
Kl. 13.30: Utanriksminister Brende svarer på ein interpellasjon frå stortingsrepresentanten Trine Skei Grande. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 16.00: Utanriksminister Brende møter generalsekretær Bjørn Engesland frå Den norske Helsingforskomité. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Måndag 25. april
Kl. 10.00: Statsråd Aspaker møter «Norsk Institutt for Styremedlemmer». Organisasjonen vil orientere statsråden om sitt arbeid i Europa. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 27. april
Kl. 08.30: Statsråd Aspaker møter i Stortinget sitt europautval saman med olje- og energiminister Tord Lien. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.30: Statsråd Aspaker deltek i feiringa av 60-årsdagen til stortingspresident Olemic Thommessen. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11 754.

Torsdag 28. april
Statsråd Aspaker vitjar Brussel i samband med eit møte med norske ambassadørar i Europa. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 29. april
Kl. 12.30: Statsråd Aspaker møter Geir Ove Ystmark frå Sjømatalliansen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 25. april
Kl. 12.30: Statssekretær Tore Hattrem opnar seminaret «Nepal som fokusland – Noreg si rolle etter jordskjelva og framover» i regi av Nepal-nettverket. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 26. april
Kl. 15.00: Statssekretær Tore Hattrem møter ein delegasjon frå det georgiske energiministeriet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 27. april
Kl. 11.00: Statssekretær Tore Hattrem møter Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 29. april
Statssekretær Tore Hattrem reiser til Berlin for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Berlin, Tyskland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 25. – onsdag 27. april
Statssekretær Tone Skogen reiser til Uganda. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Kampala

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Onsdag 27. april
Kl. 13.30: Statssekretær Tronstad deltek på markeringa av stortingspresidenten sin 60-årsdag. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11 754.

Torsdag 28. april
Statssekretær Elsbeth Tronstad deltek på eit med norske ambassadørar i Europa. Stad: Brussel, Belgia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.