Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 24

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 24, 2018.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 11. juni
Kl. 08.15: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på eit frukostmøte med Rederiforbundet og NHO. Stad: Norges Rederiforbund, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 13. juni
Kl. 14.30: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek mellom anna i debatten etter utgreiinga om kamen mot Isil. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 14. juni
Kl. 08.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Grete Faremo, leiar for FN sitt kontor for prosjekttenester (UNops). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit Nupi-seminar om Nato-toppmøtet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held eit innlegg på NHO sin generalforsamling. Stad: NHO, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på den offisielle lanseringa av boka «Sikkerhetsrådets sal». Stad: Nasjonalmuseet-Arkitektur, Bankplassen 3

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 15. juni
Kl. 07.45: Utanriksminister Eriksen Søreide er vert for eit frukostmøte for den britiske handelsministeren Liam Fox. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er vert for ein lunsj for utanriksminister Aurelia Frick (Liechtenstein) og utanriksminister Gudlaugur Thór Thórdarson (Island). Stad: Hotell Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Nikolai Astrup

Måndag 11. – tysdag 12. juni
Utviklingsminister Astrup deltek på Eat-konferansen i Stockholm. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stockholm, Sverige

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Onsdag 13. juni
Kl. 10.00: Utviklingsminister Astrup møter ungdomsrepresentantar for humanitære organisasjonar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 11. - tysdag 12. juni
Statssekretær Halvorsen deltek på konferansen "Managing complexity: Addressing societal security challenges in the Baltic Sea region" arrangert av det svenske utanriksdepartementet og det svenske fredsforskingsinstituttet (Sipri). Stad: Stockholm, Sverige

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 14. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Halvorsen møter sivilt samfunn om forbod av kjernevåpen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Tysdag 12. juni
Kl. 15.30: Statssekretær Hagen møter ein delegasjon frå Ukraina. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Måndag 11. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Frølich Holte møter Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 12. juni
Kl. 10.00: Statssekretær Frølich Holte møter Agder KrFU. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Statssekretær Frølich Holte møter Ismail Muhyadin, rådgjevar for minoritetsspråklege ungdommar, og Norges Idrettsforbund om bruk av diasporaen i utviklingsarbeidet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Statssekretær Frølich Holte deltek på markeringa av ti-årsjubileet til Nordic Microfinance Initiative. Stad: Sentralen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Til toppen