Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 23

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 23, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Tysdag 7. juni
Kl. 08.45: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har sin halvårlege nordområdedialog med Stortinget. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 8. juni
Kl. 08.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på møte i Europautvalet. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Jagan Chapagain, generalsekretær i Den internasjonale Raude Kross-ligaen (IFRC). Organisasjonen er ei samanslutning av alle nasjonale Raude Kross- og Raude Halvmåne-foreiningar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 9. - fredag 10. juni
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit ministermøte i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling i Europa (OECD). Noreg er med-arrangør (vice-chair) for møtet. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 10. juni
Kl. 17.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades på den offisielle opningsmiddagen for det nye Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Stad: Nasjonalmuseet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 11. juni
Kl. 12.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades på opningsseremonien for det nye Nasjonalmuseet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 7. juni
Kl.11.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter USAs charge d’affaires Sharon Hudson-Dean, for mellom anna å drøfte klima, klimatilpassing og mattryggleik. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 13.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter Inger Andersen, leiar i FNs miljøprogram, Unep. Stad: UD, Oslo  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 13.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter generaldirektøren i Verdas naturvernunion (IUCN), Dr. Bruno Oberle. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 16.20: Samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på feiringa av Sveriges nasjonaldag. Stad: Sveriges hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 8. juni
Kl. 09.45: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Norads møte med sine partnerar i sivilt samfunn. Stad: Litteraturhuset, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 9. juni
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte mellom dei nordisk-baltiske guvernørane til Verdsbanken og Verdsbankgruppas president, David Malpass. Stad: København

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 10. juni
Kl. 17.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på opningsmiddagen til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Stad: Nasjonalmuseet, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Henrik Thune

Torsdag 9. juni
Kl. 08.30: Statssekretær Henrik Thune deltek under lanseringa av rapporten Environment of Peace i regi av Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi). Stad: Nupi, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Torsdag 9. juni
Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held eit innlegg om norsk tryggingspolitikk for Det tyske akademiet for tryggingspolitikk som besøkjer Oslo. Stad: Tysklands ambassade, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 10. juni
Statssekretær Eivind Vad Petersson er i Brussel for dialog med EU og Nato om tryggleik og forsvar. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 6. juni - fredag 10. juni
Statssekretær Bjørg Sandkjær er på reise i Nepal.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02