Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 39

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 39, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 26. - tysdag 27. september
Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Japan. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tokyo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg (med på reisa) +47 92 21 97 69

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 26. september
Kl. 15.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek under utdelinga av Foreininga Nordens språkpris til Danmarks dronning Margrethe. Arrangementet finn stad i Foreininga Nordens hus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 28. september
Kl. 14.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Tanzanias energiminister, January Yusuf Makamba. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 29. september
Kl. 08.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Yara sitt leiarseminar. Seminaret finn stad på SAS Raddison, Holbergs Plass, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 09.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek under opninga av Nordic-African Business Summit. Arrangementet finn stad på Hotell Continental, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på lanseringa av Green House sin rapport om matressursar. Arrangementet finn stad på Vippetangen, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 30. september
Kl. 13.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim besøkjer Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) saman med presidenten i Den afrikanske utviklingsbanken, Akinwumi Adesina. Stad: Ås, Viken

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 26. september
Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte med sjøforsikringsselskapet Gard om utfordringar i samband med sanksjonane mot Russland. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 27. september
Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson opnar ein workshop i Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR). Noreg har sidan 2018 leia arbeidet med utvikling av eit kunnskapsgrunnlag for forslag om marint verneområde i den vestlege delen av Weddellhavet, dvs. Haakon VII hav utanfor Dronning Maud Land. Stad: Forskningsparken, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte med Thomas Winkler, Danmarks arktiske ambassadør. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erling Rimestad

Torsdag 29. - fredag 30. september
Statssekretær Erling Rimestad deltek på eit arrangement skipa til av European Council on Foreign Relations. Tema for arrangementet er  Africa’s View of the New Global Order - i lys av Russlands krig mot Ukraina. Stad: Berlin, Tyskland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 26. september
Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær besøkjer Hisp-senteret ved Universitetet i Oslo (UiO) saman med statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet. Stad: UiO, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 28. september
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit seminar om kontantoverføringar i utviklingssamarbeidet i regi av Norad. Seminaret vil finne stad i Norads lokale, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med direktør Mette Knudsen frå nordisk-indisk-irsk valkrets i Den afrikanske utviklingsbanken. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit digitalt innlegg på Globalt Forum om ulovleg kapitalflyt.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein panelsamtale om gjeld i regi av nettverk for rettferdig gjeldspolitikk (Slug). Arrangementet finn stad på Popsenteret, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 29. september
Kl. 16.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter presidenten i Den afrikanske utviklingsbanken, Akinwumi Adesina. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02