Inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden i Norden

Det norske formannskapet i Nordisk ministerråd 2022 arrangerte konferanse om utanforskap i arbeidslivet i Norden.

Kvinne pakker inn en pakke på et lager.
Foto: Maskot/ NTB

Tema var mellom anna kva som vert gjort for å auke deltakinga i arbeidslivet, og kva slags barrierar utsette grupper møter i den nordiske arbeidsmarknaden. 

– Det å inkludere fleire av dei som står utanfor inn i arbeid, er ein felles nordisk utfordring. Sjølv om vi har mange likskapar, så gjer vi også ein del ting litt forskjellig. Vi kan lære mykje av å lytte til kvarandre sine erfaringar og idear. Derfor er det veldig nyttig med konferansar som denne, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Konferansen vert arrangert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV), som del av det norske formannskapet i Nordisk ministerråd i 2022.

I programmet vert det presentert forsking, kunnskap og gode døme med eit nordisk perspektiv.

Sjå konferansen frå klokka 10.00 - 16.15.

Sjå konferansen tolka til engelsk.