Innbyggarundersøkinga om e-helse 2023:

– Digitaliseringa av vår felles helseteneste er på rett veg

Nordmenn flest er fornøgde med digitale helsetenester – og fleire tar dei i bruk. Dei som først kjem i gong med bruk av digitale helsetenester, bruker dei gjerne fleire gonger.

I Innbyggarundersøkinga om e-helse 2023 (helsedirektoratet.no), som Helsedirektoratet har gjennomført, går det fram at nærmare 6 av 10 av nordmenn er fornøgde med dei digitale helsetenestene i Noreg.

Stor auke i digital kontakt

I tillegg har talet på nordmenn som har vore i kontakt med helsetenestene digitalt det siste året auka frå éin av tre i 2019 til heile 57 prosent i fjor.   

– Dette er gode tal, som viser at digitaliseringa av vår felles helseteneste er på rett veg. Om ti år har vi ikkje dei same helsetenestene i landet utan digitalisering, fortel helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Vi er derfor heilt avhengige av at nordmenn har tillit til digitale helsetenester, og i aukande grad tar det i bruk. Denne undersøkinga gir inspirasjon til å halde fram arbeidet.

Skaut fart under pandemien

Undersøkingar av korleis nordmenn opplev digitale helsetenester har blitt gjennomført sidan 2019.

Talet på nordmenn som har vore i kontakt med helsetenestene digitalt skaut for alvor fart under pandemien, og heldt fram med å auke frå 2022 til 2023, sjølv om pandemien då var slutt.

– Det er særleg verdt å merke seg at dei som først tar i bruk digitale helsetenester, ofte bruker dei tre, fire gonger eller meir i løpet av året. Det tydar på ein lågare terskel for bruk av slike tenester når ein først har fått erfaring med dei, seier Kjerkol.

Satsing på digital helse

I statsbudsjettet for i år gjekk startskotet for ei seks-årig satsing på digitale helsetenester til ein verdi av 1,25 milliardar kroner.

Satsinga skal mellom anna styrke pasientar sin moglegheit til å ta aktiv del i eige behandlingsopplegg, men også sikre at fagfolka får tilgang til den informasjonen dei treng – når dei treng den.

– Vi ser av denne undersøkinga at delen som ønsker seg tilgang til fleire digitale helsetenester har auka frå 30 prosent i 2022 til 35 prosent i 2023. Samtidig har fleire høgare forventningar til kva og kor raskt vi skal levere. Eg synst det er veldig bra at innbyggarane er ein drivar for meir digitalisering av helsetenestene, seier Kjerkol.

Kva digitale helsetenester er det folk saknar?

Dei som svarte at dei ønsker seg tilgang til fleire digitale helsetenester (totalt 35 %), fekk også spørsmål om kva dei ønsker tilgang til. 

 Av desse svarte:

  • 7 av 10 at dei ønsker tilgang til prøvesvar som blod, lab, radiologi og røntgen.
  • 7 av 10 svarte at dei ønsker tilgang til journal frå fastlegen
  • 6 av 10 svarte at dei ønsker oversikt over egen informasjon, som legemiddel, tilvisingar og behandlingsplan
  • 6 av 10 svarte at dei ønsker tilgang til timebestilling/avbestilling
  • 5 av 10 svarte at dei ønsker større grad av digital kommunikasjon, som sikker, enkel chat

Regjeringa svarar på utfordringane

– Det er interessant å sjå kva folk etterlyser, og det er ein god peikepinn for oss i utforminga av politikken. Når det gjeld auka tilgang til prøvesvar, er vi i full gong med å legge til rette med det med tiltaket Pasientens prøvesvar, fortel Kjerkol.

Pasientens prøvesvar gir både fagfolk og innbyggarar oversikt over laboratorie- og radiologisvar, uavhengig av kven som har bestilt undersøkinga og kor den er utført.

– Pasientar skal sleppe å gjenta sjukdomshistoria si og fagfolk skal ha tilgang til rett informasjon til rett tid. Då får pasientar eit godt møte med vår felles helseteneste, og fagfolka får arbeidsverktøya dei treng.

Pasientens legemiddelliste i Bergen har vore ein kjempesuksess, og gjer at pasienten sjølv og alt helsepersonell som skal følge opp pasienten har den same, oppdaterte lista over kva legemiddel pasienten tar. Eg ser fram til at dette tiltaket også blir rulla ut til Bergen sine nabokommunar, seier Kjerkol.

Har folk tillit til dei digitale helsetenestene?

I undersøkinga kjem det fram at folk har stor tillit til at helseopplysningane deira er sikra.

  • Nesten 3 av 4 (72 %) svarar at dei har tillit til at helseopplysningane deira er tilgjengeleg for helsepersonell ein mottar hjelp frå.
  • 7 av 10 svarar at dei har tillit til at helseopplysningane er trygge og utilgjengelege for uvedkomande.
  • 2 av 3 har tillit at helseopplysningane er riktige og sikra mot uriktig endring og sletting.

Helsedirektoratet har kartlagt innbyggarane si bruk av, haldningar til og tilfredsheit med digitale helsetenester. Undersøkinga er utført årleg sidan 2019. Analyseinstituttet Kantar Public har gjort datainnsamlinga.  

Innbyggarundersøkinga er ei spørjeundersøking utført elektronisk i eit representativt utval av den norske befolkninga over 15 år via GallupPanelet. Totalt 1608 respondentar deltok i den seinaste målinga.