Forsida

Invitasjon til innspelmøte om barn sin rett til medverknad

At barn og unge får medverke i saker som angår dei, er viktig for å lage god politikk og gode tenester for barn og unge. Som statsråd er eg oppteken av å høyre direkte frå deg som er barn eller ungdom om korleis vi kan gjere det enklare å medverke i saker som vedkjem barn og unge.

Eg er òg oppteken av å høyre frå vaksne som jobbar med eller for barn og unge om korleis vi best mogleg kan leggje til rette for medverknad. Eg vil difor oppmode dykk om å delta på innspelsmøte med dette som tema.

FN sin barnekomité har anbefalt at Norge styrkar si innsats for å sikre barns deltaking. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og dei vil med dette òg få erfaring med deltaking i samfunnet og kan få auka tilliten sin til samfunnet. Medverknad legg òg til rette for at barn og unge kan ta samfunnsansvar.

Retten til medverknad er ein menneskerett forankra i FN sin konvensjon om barnerettane (barnekonvensjonen), som òg gjeld på systemnivå. Med systemnivå meinast tiltak som gjeld bestemte grupper av barn, eller alle barn, til dømes utgreiingar og avgjerder knytte til utvikling av statlege eller kommunale tiltak, høyringar og tenesteutvikling. Det kan òg dreie seg om høyring av barn i samband med utvalsarbeid og lovarbeid.

Det er ulike måtar å involvere barn på. I store prosessar kan ein til dømes nytte eit ungdomspanel for å sikre medverknad. Fleire departement har gjennomført eller er i gang med ungdomspanel, og det er utarbeidd råd om korleis ein kan etablere og rekruttere slike panel. Det er òg utarbeidd ein rettleiar for ungdomsråd i kommunane.

I Koronakommisjonen sin andre rapport blir det vist til at fleire instansar har kritisert styresmaktene for å ikkje ha lytta til barn og unge under pandemien når dei tek avgjerder som rører dei direkte. Kommisjonen anbefaler at avgjerdstakarar på alle nivå etablerer gode prosedyrar for å involvere barn og unge i avgjerder som vedkjem dei. Prosedyrane bør utformast med tanke på at dei òg skal fungere i kritiske situasjonar. 

Eg inviterer difor til eit innspelmøte om medverknad på systemnivå, der eg ønskjer å legge til rette for å diskutere korleis vi kan sikre barns rett til medverknad på ein god måte framover, og korleis vi kan sikre god struktur og kompetanse for slik medverknad. Eg vil og gjerne høyre erfaringane til dei unge sjølve og dei som har jobba med barns medverknad på systemnivå, på kva måte dei har gjennomført prosessen med medverknad, og kva dei meiner er viktig framover.

Både Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) og Barneombodet har peika på utfordringar knytt til korleis ein i praksis skal gjennomføre barns rett til medverknad på systemnivå, og dei har bidratt til å få i stand dette møtet.

Møtet vert halde i auditoriet i R5, Akersgata 59 i Oslo, men det vil òg vere mogleg å delta digitalt.

Dato for møtet er tysdag 17. januar 2023, kl. 09.30–11.30.

Deltakarane vert inviterte til å gje eit førebudd innspel på tre minutt om tema. I påmeldinga vert de beden om å oppgje om de ønskjer å halde innlegg. Frist for påmelding er 9. januar.

Velkommen til innspelmøte.

Gyldig legitimasjon må visast fram ved ankomst. Følgjande legitimasjon blir godkjend:

  • Tenestebevis med bilete som er utskrive av norske offentlege verksemder for identifikasjonsformål
  • Norsk pass
  • Norsk nasjonalt ID-kort
  • Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk)

Lokalet er tilrettelagd for rullestolbrukarar, samt har teleslynge.

Lenke til påmelding:

https://response.questback.com/barneoglikestillingsdepartemen/innspillsmte17012023


Med helsing
Kjersti Toppe, barne- og familieminister