Historisk arkiv

Ja til utviding av rundkjøring i Vestnes sentrum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner områderegulering for Vestnes sentrum. – Vi støttar arbeidet til kommunen med å vidareutvikle kommunesenteret som handels- og servicesenter og sosial møteplass, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Vedtaket inneber at Vestnes kommunen kan utvikle eit attraktivt sentrum med mindre trafikk. Med ein ny arm i rundkøyringa får kommunen leidd mykje trafikk utanom sentrum, samstundes som dei får forbetra tilkomsten til idrettsparken, eit regionalt friluftsområde og ein ny rasteplass.

Statens vegvesen hadde motsegn til ein ny, fjerde arm i rundkøyringa på E39 like vest for sentrumskjernen. I grunngjevinga la Statens vegvesen vekt på transportfunksjonen til europavegen og trafikktryggleik, og meinte tilkomsten til idrettsparken kunne løysast gjennom eksisterande lokalvegnett.

Kommunen meinte på si side at den lokale nytten av ein fjerde arm i rundkøyringa er større enn ulempene for gjennomgangstrafikken på E39.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg vekt på den langsiktige utviklinga av Vestnes sentrum. Med ein ny, fjerde arm i rundkøyringa vil det bli færre konfliktpunkt for trafikken i sentrum, mindre støy og lettare å utvikle eit attraktivt sentrum utan unødig trafikk.

– Det er eit viktig mål å leggje til rette for attraktive og berekraftige tettstader over heile landet, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00