Inviterar til erfaringsseminar om tillitsreforma i offentleg sektor
Nyheit | Dato: 23.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet arrangerer 9. juni eit seminar om tillitsreforma i offentleg sektor. Arrangementet vert sendt digitalt på regjeringa.no fra klokken 09 til klokken 11.30.
Erfaringsseminar om tillitsreforma i offentleg sektor

Sjå sendinga her
Arbeidet med tillitsreforma er inne i ein ny fase. Det er mellom anna sendt ut invitasjonar til frikommuneforsøk, og fleire har også komme godt i gong med utviklingsarbeid som skal gi betre tenester i heile landet.
Erfaringsseminaret gir høve til å lære av kvarandre og dele erfaringar på tvers av kommunar og verksemder.
Målgruppa for arrangementet er leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde i offentleg sektor.
Program:
- Status for regjeringa sitt arbeid med tillitsreformen
Statssekretær i Kommunal- og distritksdepartementet Gunn Karin Gjul - Læring frå tidligare frikommuneforsøk
Petter Lodden, Statsforvalteren i Vestfold og Telemark -
Erfaring med tillitsreforma i Sogndal kommune– korleis møte framtidas samfunnsoppdrag basert på tillit og medverknad?
Ordførar Arnstein Menes, kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo, hovedtillitsvalgt frå Fagforbundet Siv Laila Eriksen og utfordrar Joakim Systaddal - Kva skjer med tillitsreformen i NAV?
Marianne Fålun, økonomi- og styringsdirektør i NAV og Torgeir Homme, hovedtillitsvalgt for NTL i NAV - Tillitsreforma og innovasjon, erfaringar frå Stimulab
Benedicte Wildhagen, DOGA og Sigrid Grønland Hoel, Digdir -
Blakstad sjukehus: Trygg stafett – redusere brudd i behandlinga i akutt psykisk helsevern
Monika Fundingsrud, prosjektleiar og Magnus Kristoffer Karlsen, sjukehusoverlege - Nyttige verkty i arbeidet med tillitsreforma
Christina Volen og Vibeke Johnsen, Arbeidsgiverportalen til DFØ
Arrangementet blir strøyma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.