Kinn held fram som éin kommune

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

− Regjeringa sa ja til å greie ut deling av Kinn kommune på bakgrunn av eit initiativ frå kommunen sjølv. Kommunestyret i Kinn har vurdert saka etter å ha fått råd frå innbyggjarane, og har konkludert med at ein ikkje ynskjer deling. Derfor avsluttar regjeringa no prosessen som kommunen sjølv tok initiativ til, seier Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Kinn er ikkje rekna som ein tvangssamanslått kommune. Stortinget sitt vedtak om samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar i 2017, blei fatta på bakgrunn av lokale vedtak om samanslåing i begge kommunestyra.

  • februar vedtok kommunestyret i Kinn å søke om utgreiing av deling av kommunen.
  • Statsforvaltaren i Vestland fekk 16. mai i oppdrag av Kommunal- og distriktsdepartementet å greie ut ei deling av Kinn kommune.
  • I ei folkerøysting i Kinn kommune 1. september var det 49,14 % som røysta for at Kinn skal halde fram som ein kommune, medan 48,52 % røysta for at Kinn skal delast.
  • Kommunestyret i Kinn fatta 7. september vedtak om at dei ynskjer at kommunen skal halde fram som ein kommune.
  • Statsforvaltaren i Vestlandga si tilråding  september, der dei slutta seg til vedtaket i kommunestyret og tilrådde at kommunen held fram som egen kommune.
  • Regjeringa avgjorde 29. september at dei ikkje vil gå vidare med saka. Kinn held derfor fram som éin kommune.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00