Kommunalnytt nr. 2 2016
Nyheitsbrev |
Dato: 03.03.2016
|
|
Dei tre rogalandskommunane Hå, Klepp og Time har har vore tidleg ute med å vedta regelverk og rutinar for folkerøysting i samband med kommunesamanslåing.
|
|
Ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing er ofte underrepresenterte i folkevalde organ. Regjeringa meiner det er viktig med medverknad frå innbyggjarar som er særleg avhengige av tenestene til kommunane og fylkeskommunane, og har difor sendt ut eit høyringsnotat med forslag om ei ny føresegn i kommunelova § 10 b om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing.
|
|
Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har sendt over to notat til konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS.
|
|
Det fyrste konsultasjonsmøtet i 2016 mellom regjeringa og KS blei halde 2. mars. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og finansminister Siv Jensen møtte leiinga i KS. Hovudtema for møtet var kommuneopplegget for 2017.
|
|
Kommunelovutvalet leverer si innstilling til ny kommunelov til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner torsdag 10. mars.
|
|
|
|
|