Forsida

Kommunar kan søkje på 15 millionar kroner til nye områdesatsingar

– Vi lyser no ut 15 millionar kroner til nye områdesatsingar i levekårsutsette byområde. Områdesatsingane skal bidra til å utjamne sosial ulikskap og er ei viktig del av regjeringas bypolitikk, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa utvidar no arbeidet med områdesatsingar til nye område. Områdesatsingane er basert på ein langsiktig intensjonsavtale mellom stat og kommune om ein ekstra innsats i levekårsutsette område. Områdesatsingane skal mellom anna bidra til betre samordning av verkemiddel og samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. 

Kommunar som ønsker ein intensjonsavtale med staten om områdesatsing, kan søkje om tilskot. Intensjonsavtalane vil i utgangspunktet ha ei varigheit på inntil fem år. Kommunar som inngår avtale kan søkje om midlar til gjennomføring av tiltak i programperioden på bakgrunn av årlege handlingsplanar. Tildeling av midlar avheng av dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget.

Tilskot til områdesatsingar i byar skal bidra til å utjamne sosial ulikskap og bidra til betre tenester og fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område.

Staten har i dag eit samarbeid om områdesatsingar med Oslo, Bergen, Stavanger, Drammen og Trondheim. 

– No vil fleire kommunar få moglegheit til å gjere ein ekstra innsats i eit levekårsutsett område, Vi vonar dette óg vil bidra til å utvikle områdesatsingane vidare, seier Gjelsvik.

Søknadsfrist: 15. mars 2023

Tilskudd til nye avtaler om områdesatsinger i byer - regjeringen.no