Kontrakten om Sotrasambandet er inngått

– Sotrasambandet er eit stort og viktig vegprosjekt for bergensregionen. Ny bru og nytt vegsystem legg òg til rette for eit godt kollektivtilbod for dei som skal reise mellom Bergen og Sotra. No som kontrakten er inngått, kan bygginga snart kome i gang, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Statens vegvesen har ved vegdirektør Ingrid Dahl Hovland signert OPS-kontrakten med selskapet Sotra Link AS som skal bygge og drive Sotrasambandet i kontraktperioden.

– Sotrasambandet er blant dei største vegprosjekta som skal gjennomførast dei første seks åra av Nasjonal transportplan 2022-2033. Eg har trua på at dette spennande prosjektet vil gi jobb til lokale entreprenørar og arbeidarar. Vegen er i dag veldig trafikkert, og når den nye står ferdig, blir det lagt til rette for både bilistar, kollektivtransporten, syklande og gåande, seier samferdselsministeren.

Vegopning i 2027

Kontraktforma er OPS, som betyr offentleg-privat samarbeid. Det vil seie at selskapet som får kontrakten, skal finansiere, bygge, drifte og vedlikehalde vegen i inntil 25 år etter trafikkopninga. Kontrakten er verdt 19,8 milliardar kroner.

Sotra Link er eigd av tre internasjonale selskap: Macquarie Group Ltd, SK Ecoplant Co. Ltd og Webuild S.p.A. Sotra Link blei valt som selskap i september 2021, og no er altså kontrakten inngått.

Arbeidet på anlegget startar for fullt våren 2023, og vegen skal etter planen stå klar i 2027.

– Eg er glad for at kontrakten no er signert, og at vi er eitt steg nærare ein betre forbindelse mellom Bergen og Sotra, seier Nygård.