Respons-konferansen i Bergen:

Korleis kan Noreg bidra til å sikre demokrati, menneskerettar og folkeretten?

Global orden og demokratiske verdiar i ei tid med maktforskyving og stormaktrivalisering er tema på Respons-konferansen i Bergen 13. februar.

Konferansen er ein del av serien «Respons - utanrikspolitikk for ei ny tid». Gjennom konferanseserien, som blir arrangert saman med utvalde institusjonar over heile landet, ønskjer Utanriksdepartementet å skape eit forum for debatt og vidareutvikling av norsk utanrikspolitikk. Konferansen i Bergen er eit samarbeid med Universitetet i Bergen.

– Demokrati, menneskerettar og ein verdsorden basert på folkeretten er utanrikspolitiske kjerneinteresser for Noreg. Eg ser fram til å få innspel på korleis vi kan jobbe endå betre for å fremje desse interessene i ei krevjande tid, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

– Universitet i Bergen har eit av Noregs sterkaste fagmiljø innan internasjonal politikk, og mykje verdifull kompetanse å by på. Bergen er eit opplagt val for denne viktige konferansen, seier utanriksminister Eide.

Konferansen i Bergen er den sjette i rekkja av konferanseserien.

Konferansen er open for alle som er interesserte i norsk utanrikspolitikk.