Kostnadsauka til Nordøyvegen skal handsamast av Stortinget

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Etter ei stor kostnadsauke for Nordøyvegen i Møre og Romsdal, må Stortinget handsame eit revidert bompengeopplegg og finansering av prosjektet. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvaret for prosjektet, men det er Samferdselsdepartementet som fremmar forslaget for Stortinget.

Stortinget godkjende prosjektet i 2017. Med den store kostnadsauken vedtok Møre og Romsdals fylkeskommune ny kostnadsramme på om lag 6 milliardar kroner. Den var opphaveleg fastsett til 3,8 milliardar 2017-kr. I 2022-prisnivå svarer dette til om lag  4,5 milliardar kroner. Auken er foreslått  dekka av både midlar frå fylket og auka bompengar.

Proposisjonen blei lagt fram i statsråd i dag, slik at Stortinget kan handsame forslaget.

Bygginga av fylkesvegen starta i 2019, og siste del av prosjektet skal etter planen stå ferdig sommeren 2022.

For meir informasjon, sjå: