Historisk arkiv

Kraftig nedgang i sjukefråværet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Sjukefråværet er redusert med 10,7 prosent frå andre kvartal 2009 til andre kvartal i år. Dette er andre kvartal på rad med kraftig nedgang i sjukefråværet. -Det er ein stor inspirasjon i arbeidet med å få ned sjukefråværet, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Sjukefråværet er redusert med 10,7 prosent frå andre kvartal 2009 til andre kvartal i år. Dette er andre kvartal på rad med kraftig nedgang i sjukefråværet. -Det er ein stor inspirasjon i arbeidet med å få ned sjukefråværet, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Statsråden understrekar samtidig at det framleis er eit stykke igjen til vi har nådd målet om redusert sjukefråvær i IA-avtalen. Målet med IA-avtalen er ein reduksjon i sjukefråværet med 20 prosent frå 2001-nivået. Sjukefråværet er redusert med 9,4 prosent frå andre kvartal 2001 til andre kvartal 2010.

-Eg er også glad for å sjå at bruken av graderte sjukemeldingar har fortsett å auke i andre kvartal. 22,5 prosent av alle sjukefråværstilfella var graderte i andre kvartal 2010 mot 21,1 i andre kvartal 2009. Dette er den høgaste registrerte bruken sidan den første IA-avtalen vart teikna. Det viser at merksemda rundt graderte sjukemeldingar i vinter har hatt ein effekt, seier statsråden. 

Sjukefråværet auka sterkt i andre halvdel av 2009, men har så langt i 2010 hatt ein markert nedgang. I andre kvartal 2010 var sjukefråværet 6,3 prosent mot 7,1 prosent i andre kvartal 2009. Sjukefråværet for menn var 5,0 prosent, mens det for kvinner var 8,0 prosent. Nedgangen i sjukefråværet er størst i bygg- og anleggsarbeid, informasjon og kommunikasjon og overnatting og serveringsverksemd.

 

 

Til toppen