Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kraftig satsing på barnehagar og utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til barnehagan e med om lag 3,2 milliardar kroner i 2007. Regjeringa foreslår å løyve vel 370 millionar kroner til å innføre gratis læremiddel for elevar i den vidaregåande opplæringa. I tillegg foreslår regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 milliardar kroner til 60 milliardar kroner.

Pressemelding

Nr.: 63-06
Dato: 6.oktober

Kunnskapsdepartementets budsjett for 2007:

Kraftig satsing på barnehagar og utdanning

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til barnehagane med om lag 3,2 milliardar kroner i 2007. Av dette er 1,24 milliardar kroner knytte til å byggje ut nye plassar. Regjeringa foreslår å løyve vel 370 millionar kroner til å innføre gratis læremiddel for elevar i den vidaregåande opplæringa. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 milliardar kroner til 60 milliardar kroner. Dei totale løyvingane til forsking og utvikling over statsbudsjettet aukar med nær 900 millionar kroner.

Dette er sentrale prioriteringar i Kunnskapsdepartementets budsjettforslag for 2007. Det er òg lagt stor vekt på å gjennomføre Kunnskapsløftet på best mogleg måte, og forslaget inneheld løyvingar på om lag 1,4 milliardar kroner til dette formålet.

-Budsjettforslaget legg til rette for den største barnehagesatsinga nokosinne. I tillegg er det lagt stor vekt på kvalitet i skulen. Regjeringa aukar dessutan kapitalen til Forskingsfondet med 24 milliardar kroner over to år, den sterkaste auken nokon gong, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal.

Regjeringa ønskjer full barnehagedekning med høg kvalitet til låg pris i løpet av 2007. I 2007 skal det fokuserast særleg på å nå målet om full dekning. Løyvinga til barnehageformål blir foreslått auka med om lag 3,2 milliardar kroner. Av dette er nær 1,24 milliardar kroner knytte til utbygging av nye plassar. Det legg til rette for å etablere 19 300 nye barnehageplassar, noko som kan gi plass til 15 800 nye barn. Ei slik etablering blir den største utbygginga av nye barnehageplassar nokosinne. For å auke utbyggingstakten i barnehagesektoren foreslår Regjeringa å innføre eit tilskot til permanente plassar i mellombelse barnehagelokale frå 1. januar 2007. Det er foreslått eit tilskot på 8400 kroner for kvart nye barn som får ein heiltidsplass, og 4200 kroner for kvart nye barn som får ein deltidsplass.

Regjeringa foreslår å innføre ei ordning med gratis læremiddel til elevane i den vidaregåande opplæringa frå hausten 2007. Ordninga er todelt. Fylkeskommunane får ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. I tillegg blir det innført eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning som skal vere med på å dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Ordninga med gratis læremiddel skal innførast gradvis, først for elevar i vidaregåande trinn 2 frå skuleåret 2007–2008, deretter for elevar i vidaregåande trinn 3 frå skuleåret 2008–2009 og til slutt for elevar i vidaregåande trinn 1 frå skuleåret 2009–2010.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 1,4 milliardar kroner til Kunnskapsløftet, den store reforma i grunnopplæringa, i 2007. Av dette skal om lag 670 millionar kroner gå til kompetanseutvikling og utviklingstiltak.

Regjeringa ønskjer at elevane i grunnutdanninga skal ha eit godt fysisk læringsmiljø. Regjeringa foreslår derfor å utvide investeringsramma for ordninga med rentekompensasjon for investeringar i skuleanlegg med ytterlegare 2 milliardar kroner i 2007. Med dette er heile investeringsramma på 15 milliardar kroner fasa inn to år tidlegare enn planlagt.

For å styrkje det langsiktige grunnlaget for forsking foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 milliardar kroner til 60 milliardar kroner. Det gir ei auka avkasting i 2008 på om lag 440 millionar kroner.

Andre viktige saker i budsjettforslaget:

  • Foreldrebetaling i barnehage: Regjeringa foreslår at foreldrebetalinga blir ført vidare på same reelle nivået som i 2006. Det inneber at foreldrebetalinga skal vere på 2330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass.
  • Opplæring i kriminalomsorga: Som eit ledd i satsinga mot fattigdom ønskjer Regjeringa at fleire skal få tilbod om opplæring i fengsla. Det er derfor foreslått å løyve 10 millionar kroner ekstra til det. I tillegg blir det foreslått å løyve 7 millionar kroner til opplæring knytt til utvida soningskapasitet.
  • Vitensentera: Som eit ledd i regjeringsstrategien for å styrkje stillinga realfaga har i utdanninga, blir det foreslått å auke løyvingane til vitensentera med 6 millionar kroner til 16 millionar kroner.
  • Studieforbund: Regjeringa ønskjer å stoppe utviklinga med redusert tilbod i studieforbunda. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til studieforbunda med 58 millionar kroner samanlikna med det salderte budsjettet for 2006.
  • EUs handlingsprogram for livslang læring: Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs program for livslang læring, som er ei samling og utviding av det eksisterande utdanningsprogrammet. Regjeringa foreslår å løyve 142 millionar kroner til programmet, ein auke på om lag 40 millionar kroner samanlikna med løyvinga til dei eksisterande EU-programma i 2006.
  • Program for basiskompetanse i arbeidslivet: Som eit ledd i Regjeringa si satsing mot fattigdom blir det foreslått å løyve 10 millionar kroner til å styrkje og utvide Program for basiskompetanse i arbeidslivet. Styrkinga inneber at ramma for programmet blir om lag 35 millionar kroner i 2007.
  • Støtte frå Lånekassen: Regjeringa meiner det er viktig at nivået på støtta frå Lånekassen blir justert for prisveksten i samfunnet. Regjeringa foreslår derfor å prisjustere alle satsane i utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen med 1,75 prosent frå undervisningsåret 2007–2008. Det tilsvarer den venta auken i konsumprisindeksen.
  • Universitets- og høgskulesektoren: Løyvingane til universitet og høgskular aukar nominelt med 580 millionar kroner (2,8 prosent) frå saldert budsjett i 2006. Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir likevel budsjettramma for universitet og høgskular reelt sett redusert med 274,3 millionar kroner. Reduksjonen er fordelt med 180,2 millionar til universiteta, og 94,1 millionar til høgskulane. Reduksjonen er teken i basisløyvinga til verksemdene og ikkje i form av kutt i studieplassar. Delar av reduksjonen er fordelt på dei institusjonane som ikkje retta seg etter pålegget frå Stortinget om studieplasskutt i budsjettet for 2005.
  • Internasjonalisering av forsking: Auka internasjonalisering av norsk forsking er ei sentral prioritering i forskingspolitikken. Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling, og foreslår å løyve 184 millionar kroner til det. Det internasjonale polaråret 2007–2008 er òg ei viktig prioritering i 2007, og Regjeringa foreslår å auke løyvingane til dette med 80 millionar kroner.
  • Freds- og menneskerettssenter: For å styrkje aktiviteten ved Falstadsenteret og Holocaustsenteret foreslår Regjeringa å auke løyvinga til kvart av dei to sentera med 3 millionar kroner i 2007.
  • Artsdatabanken: For å styrkje Artsdatabanken foreslår Regjeringa å løyve 12,8 millionar kroner i 2007. Dette er ei auke på 3 millionar kroner i høve til 2006. Artsdatabanken skal være med på å sikre det biologiske mangfaldet i Noreg og skal gi ei elektronisk oversikt over biologiske arter til bruk i miljøforvalting, undervisning og forsking.

Kontaktpersonar:
Fungerande ekspedisjonssjef Kjetil Moen, 22 24 75 28
Rådgivar Håvard Austvik, 22 24 78 72

Til toppen