Kraftutvekslingsavtale mellom Noreg og Storbritannia behandla i statsråd

Kongen i statsråd vedtok i dag å inngå ein avtale mellom Noreg og Storbritannia om grensekryssande krafthandel og overføringssamband for kraft. I tillegg inneheld avtalen punkter om samarbeid om utvikling av havvind og tilknytta infrastruktur i Nordsjøen.

Avtalen har blitt framforhandla av Olje- og energidepartementet og det britiske departementet for næringsliv, energi og industriell strategi.

Avtalen er planlagt underteikna av statssekretær Lars Andreas Lunde og den britiske ambassadøren Richard Wood i Oslo 16. september. 

NB! I ein tidlegare versjon av nettsaka sto det at signeringa vil skje 15. september. Dette er no endra til 16. september.