Historisk arkiv

Krav om meir biodrivstoff til vegtrafikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Frå 1. oktober skal minst 8,0 prosent av drivstoffet til vegtrafikk vere biodrivstoff. Kravet i dag er minst 7,0 prosent biodrivstoff. Dette blir i hovudsak oppfylt ved å blande inn biodrivstoff i bensin og diesel. Auken skal skje med avansert biodrivstoff.

– Transport står for om lag éin tredel av dei norske klimagassutsleppa. Biodrivstoff kan vere ein del av løysinga for å redusere utsleppa dersom det er berekraftig produsert, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Biodrivstoff i omsetjingskravet skal oppfylle kriterium for berekraftig produksjon. Kriteria følgjer av EØS-avtala. Heile auken på 1,0 prosentpoeng skal vere avansert biodrivstoff, som kan vere produsert av avfall, restar eller skogsråstoff. Dette blir sikra ved at det fastsette delkravet for avansert biodrivstoff samtidig blir auka med 1,0 prosentpoeng til 2,5 prosent.

Det auka omsetjingskravet er fastsett gjennom ei endring av produktforskrifta. Bensinstasjonkjedene rapporterer om omsett biodrivstoff til Miljødirektoratet for kvart kalenderår. Frå januar til september er kravet 7,0 prosent, og frå oktober til desember blir kravet no 8,0 prosent. Det samla kravet blir dermed 7,25 prosent i gjennomsnitt for året 2017.

Forskriftsendringa følgjer opp oppmodingsvedtak frå Stortinget i desember 2016 om ein opptrappingsplan for biodrivstoff fram mot 2020.

Klima- og miljødepartementet har samtidig fastsett at omsetjingskravet aukar vidare til 10,0 prosent frå 1. januar 2018, og at delkravet for avansert biodrivstoff aukar til 3,5 prosent frå same tidspunkt. Mogleg vidare auke i 2019 og 2020 er på høyring frå Klima- og miljødepartementet med høyringsfrist 3. oktober.