Pressemeldingar

Kristin Halvorsen blir leiar for Kim Frieles minnepris

Kristin Halvorsen er utnemnd som leiar av juryen for Kim Frieles minnepris. Prisen skal delast ut for fyrste gong i juni neste år.

– Denne prisen skal heidre og vidareføre Kim Frieles innsats for skeive og for menneskerettar. Den skal òg løfte fram aktivistar som arbeider i hennar ånd her i Noreg eller internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Kim Frieles minnepris skal gå til ein person, institusjon, gruppe eller organisasjon som har vist stor innsats og engasjement for skeive og for menneskerettar. Føremålet med prisen er å anerkjenne arbeidet mottakaren gjer for å betre situasjonen for skeive.

Kristin Halvorsen er direktør for CICERO og tidlegare finansminister og kunnskapsminister.

I tillegg til Halvorsen, har også Knut Olav Åmås, Guro Sibeko og Kjell Erik Ullmann Øie takka ja til å sitte i juryen.

Knut Olav Åmås er direktør for stiftelsen Fritt Ord og tidlegare debattredaktør i Aftenposten. Guro Sibeko er poet og forfattar som har vore aktiv i samfunnsdebatten omkring likestilling, diskriminering og rasisme. Kjell Erik Ullmann Øie er avdelingsdirektør i Kirkens bymisjon og styreleiar av Frivilligheit Noreg, og har mellom anna vore generalsekretær for Plan Noreg og leiar av Det norske forbundet av 1948.

– Eg er utruleg glad for at alle desse dyktige medlemmane har takka ja til å sitte i juryen for Kim Frieles minnepris. Kristin Halvorsen har vore engasjert for skeives rettar i mange år og har solid erfaring med å leie styrer og utval, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Kim Friele var ei dame eg har enorm respekt for og ei av dei som har gjort mest for likestillinga i Noreg. Det er ei stor ære og glede for meg å leie juryen til hennar minnepris, seier Halvorsen.

Vinnaren av prisen vil få eit økonomisk bidrag på 1 million kroner. Juryen er oppnemnd av Kultur- og likestillingsdepartementet og sekretariatet blir lagt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.