Kultur- og likestillingsministeren fekk utgreiing om tredje juridisk kjønnskategori

– Alle skal leve trygge og frie liv. Då kan det ikkje vere slik at mange ikkje-binære har dårlegare livskvalitet enn resten av befolkninga, og opplever at dei har ein uavklart rettssituasjon. Derfor har vi bedt Bufdir sjå på ulike alternativ for å anerkjenne ein mogleg tredje juridisk kjønnskategori, og eg gler meg til ein god og konstruktiv diskusjon om dette, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Nett-tv Overlevering av utgreiing om tredje juridisk kjønnskategori

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Bufdir overleverte utgreiinga til kultur- og likestillingsministeren i dag, 22. juni.

– Arbeidet med ei mogleg innføring av ein tredje juridisk kjønnskategori skal bidra til å betre livskvaliteten for ikkje-binære. Bufdir trekker fram ei rekke moglege tiltak, som kan settast i verk både på kort og lang sikt. Vi vil kome tilbake til korleis dette skal følgjast opp, seier Trettebergstuen.

Ikkje-binære er personar som verken definerer seg som menn eller kvinner, eller personar som definerer seg som begge delar. I utgreiinga blir det foreslått fleire rettslege tiltak for å anerkjenne personar med ikkje-binær kjønnsidentitet i norsk lovgiving.

Ei fullverdig innføring av ein tredje juridisk kjønnskategori inneber mellom anna at det blir oppretta ein tredje kjønnskategori i folkeregisteret, i tillegg til mann og kvinne. Dersom tiltaket blir innført, må all lovgiving som nyttar kjønnsspesifikk terminologi bli gjennomgått for å vurdere behov for endringar.