Historisk arkiv

Kulturministeren inviterer til innspelsmøte om politikk for idrettsanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Stad: Auditoriet, Akersgata 59

Det regjeringsoppnemnte strategiutvalet for idrett leverte før sommaren ein rapport med forslag til tiltak som regjeringa bør setje i gang på idrettsområdet. Ei av dei viktigaste tilrådingane frå utvalet er ein ny politikk for idrettsanlegg.

- Vi inviterer alle gode krefter til å kome med innspel om kva vi bør satse på når vi skal byggje idrettsanlegg i framtida. Eit breitt tilfang av innspel og synspunkt vil gi oss eit godt beslutningsgrunnlag når vi skal meisle ut ein ny politikk for idrettsanlegg, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg er staten sitt viktigaste verkemiddel for å bidra til at flest mogeleg kan drive med idrett og fysisk aktivitet. Eg synes det er viktig å ta tak i anleggspolitikken først, når vi no gjennomgår tilrådingane frå utvalet, sier kulturminister Hofstad Helleland.

Kulturdepartementet har bede fleire interessentar, kommunar, fylkeskommunar, idretts- og friluftslivsorganisasjonar og andre til eit møte for å høyre korleis staten kan forbetre anleggspolitikken. Departementet har bede om synspunkt, ikkje berre til tilrådingane frå utvalet, men generelt når det gjeld anleggspolitikken.

Møtet vert arrangert 13. september kl. 12-14 i Akersgt. 59 (R5). Interesserte som ønskjer å vere til stades kan melde seg på ved å sende e-post til  arrangementSI@kud.dep.no innan 9. september.