Kulturpolitisk toppmøte 2024

Årets tema handlar om å inkludera barn og unge i fritidsaktivitetar, arenapolitikk på kulturfeltet og kulturpolitikkens plass i utviklinga av samfunnet. Toppmøtet er mellom politikarar på alle dei tre forvaltningsnivåa; kommune, fylkeskommune og stat.

Nett-tv Kulturpolitisk toppmøte 2024

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Måndag 5. februar frå klokka 12:30 til 15:30 arrangerer Kultur- og likestillingsdepartementet og kommunesektorens interesseorganisasjon KS eit kulturpolitisk toppmøte. Toppmøtet er ein arena for å styrke den kulturpolitiske dialogen mellom forvaltningsnivåa.

Frå kommunane kjem det ein ordførar frå kvar region, frå fylkeskommunane kjem fylkesordførarane, og frå staten deltar kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og statssekretær Even Aleksander Hagen. I tillegg kjem statssekretær Sigrun Wiggen Prestbakmo frå Kommunal- og distriktsdepartementet.

Meir om kulturpolitisk toppmøte

Systematisk samhandling mellom forvaltningsnivåa er ein føresetnad for god ressursutnytting og styrking av kunst- og kulturmiljøa i heile landet. Samtidig er det opp til dei enkelte forvaltningsnivåa å gjere eigne prioriteringar også på dette politikkområdet. Regjeringa ønskjer å leggje ytterlegare til rette for regelmessige dialogmøte, kunnskapsdeling og erfaringsutveksling. Kommunesektoren skal involverast i saker som vedkjem kulturpolitikken deira, og er mellom anna viktige høyringsinstansar i ulike kulturpolitiske saker. Dei siste åra har Kultur- og likestillingsdepartementet saman med KS invitert sametingspresidenten, alle fylkesordførarane og éin kommune frå kvar region til kulturpolitisk toppmøte.