Presseinvitasjon:

Kunnskapsministeren får rapport om etter- og vidareutdanning

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Korleis bør det framtidige tilbodet i etter- og vidareutdanning for tilsette i barnehagar og skular vere? I morgon, onsdag 28. september, får kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) forslag frå eit utval.

Tid: Onsdag 28. september kl. 09.00 – 09.45.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.

Utvalet har vurdert korleis ein kan bruke ressursane på ein mest mogleg effektiv måte, og vil mellom anna foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanningstilbodet.

Sølvi Mausethagen er utvalsleiar. Ho vil presentere, og overrekke rapporten til kunnskapsministeren.

Journalistar som vil kome bør melde seg på dagen før. Oppmøte før kl. 08.50. Hugs gyldig ID. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Hong Pham (hong.pham@kd.dep.no, tlf. 911 35 990).