Landet treng meir kompetanse - Borten Moe samla partane til rådslaging

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har samla dei sentrale partane i norsk arbeidsliv til samtale om behovet for meir kompetanse og arbeidskraft. – Noreg treng fleire ledige hender, men slik utviklinga no ser ut går ikkje dette reknestykket opp, sa Borten Moe til dei frammøtte.

Gruppebilde av kompetansepolitisk råd
Statsråd Borten Moe inviterte medlemmene av Kompetansepolitisk råd til departementet for å snakke om behova til næringslivet og det offentlege. Foto: Martin B. Andersson/KD

Det konstituerande møtet i  Kunnskapsdepartementet var første tysdagen i mai. Rundt bordet i departementet sat dei sentrale aktørane i Kompetansepolitisk råd.

Kompetansepolitisk råd skal gje råd til regjeringa i spørsmål som omhandlar kompetansepolitikk. Vidare skal rådet konsulterast i andre relevante kompetansepolitiske saker der det er ønskeleg med ei forankring, og drøfting med medlemmene av rådet.

Mangel på arbeidskraft

I innleiinga gjorde statsråden greie for eit utfordringsbilete som gir grunn til uro. Arbeidsløysa har ikkje vore lågare sidan finanskrisa for 14 år sidan. Samstundes er arbeidsinnvandringa nedgåande. Det er kort sagt mangel på arbeidskraft i kongeriket. I tillegg kjem kompetansebehovet næringslivet og offentleg sektor treng meir av i desse dagar.

Reformvarsel frå Hurdal

Statsråden viste til Hurdalsplattforma, og sa at regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om kompetanse. Meldinga skal etter planen til nasjonalforsamlinga våren 2023. Statsråden sa at det blir viktig å arbeide fram eit grunnlag som viser dei faktiske tilhøva på bakken. Deretter kan ein snakke om korleis betre dei målrette tiltaka, sa han. Somme tiltak, som til dømes studiesenter, er alt i gang.

Vil ta heile landet i bruk

Ola Borten Moe understreka at for regjeringa er det viktig å tilby folk utdanning der dei er. Langtfrå alle i dette landet bur nær ein høgskule eller eit universitet.

– Dersom fjellet ikkje kan kom til Mohammed, må Mohammed kome til fjellet, sa Borten Moe.

Deretter viste han til ei styrking av studiesentera utover i landet, og sa at regjeringa satsar på fleksibel og desentralisert utdanning. Til slutt snakka han om bransjeprogramma, og at kompetansepolitisk råd blir den sentrale arenaen for å diskutere prioriteringa, og innhaldet i den varsla meldinga til Stortinget.

Desse er med
Kompetansepolitisk råd består av følgande faste rådsmedlemmer:

  • Partane i arbeidslivet representert ved Arbeidsgjevarforeininga Spekter, KS, NHO og Virke frå arbeidsgjevarsida, og Akademikerne, LO, Unio og YS frå arbeidstakarsida.
  • Frivillig sektor og studieforbund representerte ved Kompetanseforbundet og Vaksenopplæringsforbundet.
  • Universitets- og høgskulerådet.
  • Fagskulerådet.
  • Fylkeskommunane representerte ved ein fylkeskommunedirektør/fylkesrådmann.

Sametinget har observatørstatus. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, og Nærings- og fiskeridepartementet møter fast på rådsmøta.

Sekretariat i Kunnskapsdepartementet

Statssekretær Oddmund Hoel skal leie Kompetansepolitisk råd. Ei administrativ arbeidsgruppe med representantar frå medlemmene i rådet skal følgje rådsarbeidet. Kunnskapsdepartementet har sekretariatsansvaret for rådet.

Neste møte er planlagt i juni. Då vil ein snakke nærare om den varsla stortingsmeldinga, men også om andre saker medlemmer av rådet har meldt inn.

Bilde av Ola Borten Moe under møtet med Kompetansepolitisk råd
Bilete av statssekretær Oddmund Hoel og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Martin B. Andersson/KD