Lanserer Leigeløftet

–Regjeringa sitt mål er at alle skal oppleve det å leige og å leige ut bustad som trygt og føreseieleg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

I dag lanserte statsråden Leigeløftet – eit nytt nettverk for aktørane på leigemarknaden, som skal vere ein møteplass for å utveksle erfaringar og utvikle nye tiltak.

Saman med aktørane i nettverket ønskjer kommunal- og distriktsministaren å identifisere små og store tiltak som kan bidra til ein meir stabil og føreseieleg leigemarknad.

– Eg har invitert mange av dei som er med på å skape gode leigeforhold i dag, direkte eller indirekte, til ein felles innsats, seier Gjelsvik, som har tru på at ein kan få til ting i fellesskap.

Fleire tiltak for leigemarknaden

– Ca. 1 million nordmenn leiger i dag bustad, og svært mange opplever gode og trygge butilhøve. Samstundes er det mange stader behov for fleire og betre utleigebustader. Skal vi lukkast med eit leigeløft, må vi ta ei rekke grep og sette i gang både store og små tiltak, seier Gjelsvik.

Både regjeringa og andre aktørar har satt i gang tiltak på fleire områder. Låneramma til Husbanken er auka slik at fleire kan gå frå leige til eige, auka tilskot til bustadkvalitet og tilskot til utleigebustader. I tillegg har regjeringa sett ned eit husleigelovutval og lansert boligdugnaden.no. Samtidig arbeider regeringa med ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk, der leigemarknaden blir eit viktig tema.

– Det finst ikkje éi løysing eller eitt svar for å skape ein god og velfungerande leigemarknad, seier Gjelsvik.

Om lag ein million personar i Noreg leigar bustaden sin rundt om i landet.

Første møte

Nettverket hadde sitt første møte torsdag 24. august. På agendaen stod situasjonen i leigemarknaden og tiltak for å betre kjennskapen til spelereglane i leigemarknaden.

– Eg ser fram til det vidare samarbeidet, seier Gjelsvik.

Deltakerliste:

Eiendom Norge
FINN
Forbrukerrådet
Huseierne
Norsk Eiendom
Norsk studentorganisasjon
Leieboerforeningen
Selvaag
Steinar Moe
Utleiemegleren
Oslo kommune

Observatører: 

Husbanken
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
Husleietvistutvalget (HTU)

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00