Logistikknutepunkt i Trondheimsregionen: Eit steg nærmare endeleg vedtak om plassering

- Dersom vi skal få meir gods over på bane, er det viktig med effektive terminalar som ligg på stader som gjer jernbanen til eit naturleg val for vareeigarane. Prosessen med å vedta plassering av nytt logistikknutepunkt i Trondheimsregionen har tatt tid, men det er viktig for regjeringa å ha eit breitt og godt grunnlag. Med den nye kvalitetssikringa er vi eit steg nærmare å ta endeleg stilling til plassering, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Jernbaneverket leverte i 2012 ei konseptvalutgreiing (KVU) om nytt logistikknutepunkt i Trondheimsregionen. Etter drøftingar i regjeringa gjekk Samferdselsdepartementet i april 2014 inn for at det nye logistikknutepunktet skal liggje sør for Trondheim. Konseptet som blei valt, omfatta lokaliseringsalternativa Søberg og Torgård. Jernbaneverket fekk i oppdrag å utgreie konsekvensane av desse to nærmare, før Samferdselsdepartementet i neste runde skulle fatte endeleg vedtak om plassering.

Kostnadsauke – naudsynt med nye utgreiingar

I januar 2015 leverte Jernbaneverket tilleggsrapporten om Søberg og Torgård, og etaten tilrådde lokalisering på Torgård. Men oppdaterte utrekningar viste at kostnadene for båe lokaliseringsalternativa hadde auka vesentleg samanlikna med då den opphavelege konseptvalutgreiinga blei lagt fram.

Etter at Jernbaneverket la fram tilrådinga om Torgård, har rapporten vore på høyring. Jernbaneverket har òg utført ytterlegare tilleggsanalysar. Desse tilleggsanalysane har no gjennomgått ei ekstern kvalitetssikring. Denne peikar mellom anna på at det valde konseptet med å plassere godsterminalen sør for Trondheim ser ut til å være riktig. Men i tillegg tilrår kvalitetssikrar å sjå nærmare på trinnvis utbygging eller reduserte løysingar, og at ein revurderer Meeggen som eit alternativ for plassering av ny terminal.

Vidare prosess

Den nye kvalitetssikringa blir ein del av eit breitt grunnlag når regjeringa skal ta stilling til lokalisering og vidare planlegging av nytt logistikknutepunkt i Trondheimsregionen.

Les rapporten: Nytt logistikknutepunkt i Trondheimsregionen - supplerende analyse (pdf)