Statsbudsjettet 2024

Løyvar meir pengar til jubileumsmarkeringar

Regjeringa ønskjer at 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering. Det føreslås derfor å auke løyvinga til ulike markeringar av Nasjonaljubileet 2030 med fire millionar kroner i 2024, inkludert støtte til Moster 2024 som er eit sjølvstendig nasjonalt jubileum for innføring av kristenretten i 1024.

– Målet med tilskotet er å bidra til at 1000-års markeringar skal skapa engasjement, debatt, og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

Slaget på Stiklestad i 1030 var eit vendepunkt i norsk historie og kulturarv. Det er eit mål å bidra til årlege markeringar fram mot 2030 for å skapa allmenn interesse og gi folk i heile landet kunnskap om korleis desse hendingane endra landet vårt.

Regjeringa ønskjer at jubileet skal vera eit «nasjonalt kunnskapsløft knytt til spørsmålet om kva Noreg har vore, kva Noreg er, og kva Noreg skal/bør vera», slik det står i jubileumsplattforma.

Det er sett ned ein Nasjonal komité der medlemmene skal vera ambassadørar og bidra til forankring av jubileet i sektorane og nettverka sine fram mot 2030. Komiteen er viktig for å visa fram og sikra ei tydeleg og nasjonal forankring av jubileumsprosjektet.

– Ramma for støtte blir i statsbudsjettet føreslått auka frå 5,2 millionar kroner i 2023 til vel 9,4 millionar kroner i 2024. Dette skal sikre fleire markeringar av ulik art mange stader i landet neste år, seier Toppe.

Nasjonaljubileet Moster 2024 får økonomisk støtte til den nasjonale markeringa av at det er 1000 år sidan Olav den Heilage innførte Kristenretten på Moster, som var starten på rettsstaten Noreg. Det markerte byrjinga på ei ny tid, med auka menneskelege omsyn og rettsvern for individet. I 2024 skal også 1000-årsjubileet for Gulatinget markerast i Gulen, og Frosta 2024 skal markera at det er 750 år sidan Magnus Lagabøte innførte landslova si.

Nordenfjeldske kunstindustrimuseum skal i gang med eit forprosjekt for å utvikla eit tusenårsteppe, Midtnorsk Kultur- og Strikkefestival skal arrangera ein festival med tema ull, garn og husflid i 1000 år, og Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn vil leggje til rette for to arrangement.