Presseinvitasjon:

Mæland møter hav-næringslivet

Næringsminister Monica Mæland møter havrelatert næringsliv tysdag 21. november for å snakke om Ocean Space Centre.

Kunnskap om havet er viktig for Noreg. Difor jobbar regjeringa med å utvikle eit senter som kan møte behova for undervisning, forsking og innovasjon i havnæringane, seier næringsminister Monica Mæland (H).

- Vi må bygge en infrastruktur som er tilpassa behova næringslivet har i framtida. Difor inviterer vi aktørane til å presentere behova for marinteknisk infrastruktur, seier Mæland.

Ocean Space Centre er et prioritert prosjekt av regjeringa. Våren 2017 fekk departementet ein ekstern kvalitetssikring (KS1) av senteret som anbefalte å gå vidare med prosjektet, men ikkje investere i nytt sjøgangs- og dypvannbasseng. Bakgrunnen var at dei var usikre på behovet og om marknaden var villige til å betale for dei store bassenga.

Samstundes var heller ikkje forslaget i KS1 tråd med dei behova Sintef og NTNU ser framover. Næringsministeren har difor bedt NTNU og Sintef om å justere forslaget til konsept slik at det er meir i tråd med behova. Informasjonen som kjem fram i innspelsmøtet vil bidra til dette arbeidet.

Invitasjonen har gått til hovudorganisasjonane, skipsfartsorganisasjonane, sjømatorganisasjonane og verksemder frå havrelatert næringsliv.

Dei første femten minuttane av møtet er ope for pressa.

Kva: Næringsministeren møter næringslivet om Ocean Space Centre
Når: Tystad 21. november klokka 12:00-14:00.
Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo.

Førehandsregistrering (berre for presse): media@nfd.dep.no