Meir medverknad for brukarar og større valfridom i LAR

Dei nye retningslinene for legemiddelassistert rehabilitering ved opioidavhengigheit (LAR) opnar for meir individuell tilpassing, auka medverknad for brukarar og fleire legemiddel. Pasienten sine eigne erfaringar skal stå sentralt i val av legemiddel.

Dei nye retningslinene legg til rette for å bygge tillit og dialog mellom pasient og behandlar, framfor kontrolltiltak. Det leggast òg opp til større grad av individuell vurdering av ordninga om utlevering. Eg håpar dei nye retningslinene bidrar til at menneske i LAR i større grad opplev å bli lytta til, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Regjeringa sitt mål er at menneske med omfattande problemar med rus skal få den behandlinga og oppfølginga dei har behov for i den offentlege helsetenesten. Arbeidet med ei reform om førebygging og behandling på rusfeltet er i gong. 

– I plattformen til regjeringa slår vi fast at regjeringa vil sikre at legemiddelassistert rehabilitering (LAR) gir eit heilskapleg og kunnskapsbasert tilbod for rusavhengige. Det er positivt at den nye retningslina òg omfattar behandling av avhengigheit av benzodiazepinar, seier Kjerkol. 

Fleire kan få hjelp

Dei nye retningslinene dekker òg nye område der det er viktig for regjeringa at det er klare faglege retningsliner. Dette gjeld ikkje minst lågterskel substitusjonsbehandling som den forrige raudgrøne regjeringa innførte i 2013. 

Lågterskel LAR kan vere eit bindeledd til andre hjelpetiltak, slik at rusavhengige kan stabiliserast i ein periode for avklaring av om LAR eller andre formar for behandling er mest eigna. 

– Målet med lågterskel substitusjonsbehandling er å fange opp personar som kan ha nytte av substitusjonsbehandling for å redusere helseskadar og overdosar. Eg er glad for at det no kjem klare retningsliner for dette, slik at fleire rusavhengige kan få betre hjelp i vår felles helseteneste, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Klare føringar

Kjerkol meiner det òg er eit viktig skritt vidare at retningslina gir klare føringar for nedtrapping i regi av tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) for opiodavhengige utanfor LAR. 

Det betyr i praksis at fastlegar kan bistå i nedtrapping av opioidavhengige når tilvisinga til LAR av ulika grunnr ikkje er hensiktsmessig.
 

Fakta om LAR

  • Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er ein tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) der substitusjonslegemiddel inngår som eit deltiltak i eit helskapeleg rehabiliteringsforløp. 
  • Det er meir en 8000 menneske i LAR. 
  • LAR-tilbodet ved sjukehusa er organisert som samarbeid mellom sjukehuset, helse- og sosialtenesten i kommunen, pasienten og fastlege.