Historisk arkiv

Meir pengar til fartøyvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår 40 millionar kroner ekstra til verneverdige fartøy neste år.

Satsinga er ein del av regjeringa si tiltakspakke for å auke sysselsettinga på kort sikt. Langs heile kysten er situasjonen krevjande innanfor verfts- og verkstadindustrien.

-Gjennom denne tiltakspakka bidrar regjeringa til auka aktivitet i verftsnæringa samstundes som vi  reduserer etterslepet på istandsetting og vedlikehald av verneverdige fartøy, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Dei verneverdige fartøya utgjer omlag 250 fartøy. Fjorten av desse er freda.

-Utan bruk og  vedlikehald  vil vår historiske flåte av fartøy raskt forsvinne. Gjennom tiltakspakka vil vi kunne sikre at dei verneverdige fartøya er i drift og til glede for allmenta, seier Sundtoft.

Tiltakspakka er ei eittårig satsing som vil kunne stimulere til arbeid, aktivitet og omstilling. Pengane blir gitt over Riksantikvaren sitt budsjett, og blir fordelt etter søknad.