Meir tryggleik i psykisk helsevern

Å auke tryggleiken for pasientar og tilsette i psykisk helsevern er det viktigaste målet med Helse- og omsorgsdepartementets forslag om endringar i psykisk helsevernloven.

For å hindre at pasientar tek med seg gjenstandar eller stoff som kan skade dei sjølve eller andre, opnar departementet for fleire sikkerheitskontrollar i psykisk helsevern.

- Pasientar og tilsette må føle seg trygge. Det er ein føresetnad for god behandling, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Lovendringa inneber at det kan innførast rutinekontrollar og utvida mogelegheit til å kontrollere pasientar som ein mistenkjer har med seg farlege gjenstandar eller rusmiddel.

- Rutinekontrollar vil kunne opplevast mindre stigmatiserande enn å verte plukka ut til kontroll som ein av mange, seier Høie. 

Ein pasient skal vidare kunne kontrollerast når det er mistanke om at han eller ho har med seg noko som kan vere til skade for seg sjølv, andre pasientar eller tilsette. I dag er det berre tilgang til slike kontrollar når pasientar kjem til ein institusjon for døgnbehandling.

Sikkerheitskontrollar skal gjennomførast på ein mest mogeleg omsynsfull måte. Intensiteten i kontrollen må stå i eit rimeleg forhold til det ein kan oppnå. Det skal berre vere høve til å be pasienten om å ta av alle kleda ved grunngjeven mistanke.

Forslaga gjeld både pasientar som er frivillig innlagt og pasientar som er innlagt til tvungent psykisk helsevern.

Helse- og omsorgsdepartementet arbeider no med fleire tiltak som skal styrke pasienten si stilling og sine rettar innan psykisk helsevern.

- Målet er meir frivilligheit og mindre bruk av tvang i helsetjenesten, seier helse- og omsorgsministeren.   

Les forslag om endringar i psykisk helsevernloven