Menneskehandel tema på nordisk justisministermøte
Nyheit | Dato: 21.06.2022 | Justis- og beredskapsdepartementet
Mandag 20. juni samla dei nordiske justisministrane seg i Finnskogen. Færøyene og Grønland var óg med da ministrane møtest fysisk for fyrste gong på tre år. Menneskehandel er eit av temaene.
– Menneskehandel er ei alvorlig utnytting av sårbare menneskjer. Med ukrainske flyktningar som kjem til Noreg og andre europeiske land, er det naudsynt å trygge dei som er mest sårbare. Difor er eg glad for at eg får møte dei seks andre nordiske justisministrane for å diskutere dette temaet, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Det nordiske ministerrådet for justisspørsmål gjekk går over to dagar. Andre tema var cyberkriminalitet, gjengkriminalitet og seksuallovbrot.
– Justissamarbeidet har alltid vore ein viktig del av det nordiske samarbeidet. Det er avgjerande med tett samarbeid og at vi står saman om å løyse utfordringar som går på tvers av våre nordiske grenser, seier Mehl.