Michael Reiertsen utnemnt som dommar ved EFTA-domstolen

Michael Reiertsen er i dag utnemnt som ny norsk dommar ved EFTA-domstolen i Luxembourg. Det er dei tre EØS/EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein som står for utnemninga.

Reiertsen er 47 år og har vore lagdommar i Borgarting lagmannsrett sidan 2018. I tillegg til erfaring frå domstolane, har han bakgrunn frå Justisdepartementets lovavdeling og Universitetet i Oslo.

Han har ei mastergrad i EU-rett, WTO-rett og menneskerettar ved Europa-Institut i Saarbrücken og doktorgrad frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

– EFTA-domstolen har ei heilt sentral rolle i EØS-samarbeidet, og eg er sikker på at Reiertsen med kompetansen og erfaringa si vil tena domstolen på ein svært god måte, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt. 

Etter planen tiltrer Reiertsen stillinga 1. juni. Han etterfølgjer Per Christiansen, som har vore norsk dommar ved domstolen sidan januar 2011.

Om EFTA-domstolen

  • EFTA-domstolen skal løysa tvistar og avseia rådgjevande fråsegner om fortolkinga av EØS-avtalen for Noreg, Island og Liechtenstein.
  • EFTA-domstolen har ein liknande funksjon for dei tre EØS/EFTA-statane som EU-domstolen har for EUs medlemsstatar.
  • EFTA-domstolen består av ein dommar frå kvar EØS/EFTA-stat.