Midlertidig straumstøtte til kyrkjene på 30 millionar kroner

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa føreslår ei midlertidig tilskotsordning på 30 millionar kroner i 2022 til kyrkjebygg i Den norske kyrkja. Målet er å bidra til at færre kyrkjer reduserer aktiviteten i advents- og julehøgtida, slik at publikum kan få ei fin høgtid.

Fleire kyrkjelege instansar har vore bekymra for at dei enten må stenge kyrkja, redusere aktiviteten eller halde kyrkjeromma kalde for å spare pengar fordi straumprisane er høge.

– Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for å halde kyrkjer og kyrkjerom opne og tilgjengelege, særleg i advents- og julehøgtida. Derfor føreslår vi no ei midlertidig straumstøtteordning, slik at kyrkjer kan halde opent som vanleg i ei høgtid som betyr mykje for mange menneske, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). 

Ordninga kjem i tillegg til den lovfesta finansieringsplikta som kommunane har overfor de lokale kyrkjene.

Gjeld for områda med høgast straumpris

Ordninga gjeld for dei områdane som har hatt høgast straumprisar, det vil seie sør for Dovre og Sognefjorden. Totalt er det 1034 kyrkjer i desse prisområda, og det er fellesråda i dei aktuelle områda som må søkje Barne- og familiedepartementet om støtte. 

Tilskotsmidla vil bli fordelt ut i frå talet på sokn i fellesrådet. Nivået for støtta per sokn vil være lik for alle, og det er ei føresetnad at midlane utbetalast i løpet av 2022. Vi tek såleis ikkje omsyn til storleiken på kyrkjerommet eller nivå på straumutgiftene for det enkelte bygget.