Historisk arkiv

Momskompensasjon til 23 000 frivillige lag og organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I desse dagar mottar om lag 23 000 organisasjonar 1,3 milliardar kroner i momskompensasjon. Over 2000 fleire organisasjonar får del i momskompensasjonsordninga i år enn i fjor. Det store talet på mottakarar viser at ordninga når heile breidda av frivillige organisasjonar.

Regjeringa har auka momskompensasjonsordninga med meir enn 350 millionar kroner sidan 2013. Ordninga er den største tilskotsordninga i kulturbudsjettet. Momskompensasjonen er viktig for dei frivillige organisasjonane fordi ordninga sørger for at dei frivillige organisasjonane kan ha høg aktivitet i lokale lag og foreiningar heile året. Dette er pengar som organisasjonane kan bruke fritt og dei treng ikkje å rapportere om bruken av dei, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. 

Over 80 prosent av midlane går til lokale og regionale lag og foreiningar. Det godkjente søknadsbeløpet i år er på om lag 1,7 milliardar kroner mot 1,5 milliardar i 2015. Avkortinga i 2016 er på 23,7 prosent mot 21,7 prosent i 2015.