Historisk arkiv

Mykje korn og høgare prisar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei internasjonale prisane på korn gjekk opp frå januar til februar. Amerikansk kveite har vore etterspurt, og auka meir i pris enn europeisk. I Sør-Amerika gjer ein seg no klar til å hauste maisen, og forholda ser gode ut.

Dei internasjonale kornprisane gjekk opp i mesteparten av januar, og svinga fram mot siste del av februar. Det var særleg kveiteprisane som auka. 15. februar låg prisindeksen for kveite frå det internasjonale kornrådet, IGC, 9 prosent høgare enn på starten av året. Amerikansk kveitepris auka mest. Det var særleg på grunn av mykje eksport frå USA den siste tida. I siste del av februar fall derimot kveiteprisane igjen, fyrst og fremst fordi det er mykje vare på verdsmarknaden og fordi utsiktane for neste sesong er gode. Av ein total kornproduksjon i verda på 2 077 millioner tonn i 2016–2017, vurderer det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, at kveite vil utgjere 748 millioner tonn.

Hvete.
Kveiteprisane var dei som auka mest i januar. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Mais blir til bioetanol

Maisprisane på verdsmarknaden har halde seg meir stabile enn kveiteprisane den siste tida, men også dei auka litt frå januar til februar. Det kjem mellom anna av at ein i USA satsar meir på produksjon av bioetanol, som nyttar mais som råstoff. Samstundes har innhaustinga no starta i Brasil og Argentina, og forholda ser gode ut. Dette trekk ned prisane.