Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Næringsministeren til Kristiansand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland inviterer til møte om regjeringa sin strategi for eksport og internasjonalisering. Ho skal også delta på Fiskaa Industripark sitt 100-årsjubileum.

I industrimeldinga varsla regjeringa ein ny eksportstrategi. No startar arbeidet. Næringsminister Monica Mæland inviterer bedrifter på Sørlandet til eit innspelsmøte torsdag 8. juni.

- Det er viktig å involvere næringslivet og andre relevante aktørar tett i dette arbeidet. Eg ser fram til å få fleire gode innspel på Sørlandet, seier Mæland.

Ho ønsker blant anna innspel om:

  • Kva norske styresmakter kan gjere for å betre leggje til rette for auka eksport og internasjonalisering?
  • Kva utfordringar norske eksportbedrifter møter internasjonalt?
  • Kva skal til for at norske bedrifter skal gjere seg gjeldande internasjonalt?  
  • Korleis kan Noreg trekke til seg utanlandske investeringar og talent?

Når: Torsdag 8. juni klokka 12:00-14:00.

Kor: Næringsforeningen i Kristiansandregionen, Østre Strandgate 56, Kristiansand.

Møtet er opent for presse.

Skriftlege innspel til strategien kan sendes til postmottak@nfd.dep.no

Seinare på dagen deltek Mæland på 100-årsjubileum for Fiskaa Industripark.

Kor: Fiskaa Industripark, Fiskåveien 100, Kristiansand.

Når: 15:00-16:00.