Nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar

For å styrke mangfaldet av villbier og andre pollinerande insekt skal regjeringa utarbeide ein nasjonal strategi. Arbeidet planleggast sluttførd i 2017.

– Mange sektorar kan bidra til å betre levekåra for våre pollinatorar. Vi treng offentlig – privat samarbeid mellom forvaltning og organisasjonar seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

For å gjere arbeidet med strategien kjend og for å få innspel om erfaringar og forventningar til arbeidet, inviterer Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet til møte med relevante organisasjonar 26. september. Program og meir informasjon om møtet vil kome på Landbruksdirektoratet sine nettsider med det første. 

Globalt er 90 prosent av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinerande organismar. Internasjonalt er nedgangen i pollinerande organismar sett på dagsorden av FNs naturpanel (IPBES). Panelet la fram si fyrste utgreiing i februar i år. Utgreiinga slår fast at pollinering utført av insekt og pattedyr har stor betyding for verdas matproduksjon og pollineringa er mest effektiv når det finnast eit mangfald av pollinatorar. Naturpanelet foreslår ulike tiltak for å ta vare på og sikre mangfaldet av pollinatorar mellom anna ved å auke koordinering, felles tiltak og kunnskapsdeling på tvers av sektorar, jurisdiksjonar og nivå.

Sjølv om dei store jordbruksvekstane som korn, mais, soyabønne og  rotfrukter kan dyrkast uavhengig av tilgang til pollinatorar, er meir enn tre fjerdedelar av de viktigaste jordbruksvekstane avhengig av pollinering for å sikre både avling og kvalitet. Innan det globale landbruket regnes pollinatorar å bidra til 5-8 prosent av den totale marknadsverdien av planteproduksjonen, noko som svarer til 235-577 milliarder US dollar.

I Norden er det særleg frukt, bær, oljevekstar og frø av kløver og andre erteblomster som kan få dårlegare avling og kvalitet dersom tilgang på pollinerande insekt vert redusert.

Arbeidet med ein nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfald av villbier og andre pollinatorar blir leia av Landbruks- og matdepartementet. Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet deltek også i arbeidet og direktorata innan landbruk, miljø og transport bidreg med kunnskap og erfaringar.

Globalt er 90 prosent av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinerande organismar.
Globalt er 90 prosent av alle ville planter heilt eller delvis avhengig av pollinerande organismar. Foto: Wenche Dramstad / NIBIO