Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Digitalt forsvarsministermøte i NATO

Forsvarsministrane i NATO møtast på videokonferanse 17. og 18. juni. På agendaen står NATOs evne til kollektivt forsvar og avskrekking, internasjonale operasjonar og handteringa av korona-situasjonen.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen deltek på videolink frå Oslo.

Første dag vil forsvarsministrane drøfta NATOs arbeid med avskrekking og forsvar, med fokus på konseptet for avskrekking og forsvar av alliansen. Dei vil òg diskutera konsekvensane av opphøyret til INF-avtalen og NATOs pågåande operasjonar, med vekt på NATOs treningsmisjon i Irak og operasjonen i Afghanistan.

Andre dag av møtet, 18. juni, står handteringa av COVID-19 på agendaen. Til dette møtet er òg Finland, Sverige, Australia og EU invitert.

Praktisk informasjon:

Forsvarsministeren er tilgjengeleg for intervju etter at møtet er avslutta 17. juni. Dersom du ønsker intervju, ta kontakt med Marita I. Wangberg, tlf. 905 123 19 eller e-post [email protected], evt pressevakta på 2309 6011.

Bilete frå møtet vert tilgjengeleg på NATOs nettside (nato.int) og i Forsvarets bildearkiv (Forsvaret.no/mediearkiv)

Praktisk informasjon frå NATO: https://www.nato.int/cps/ein/natohq/news_176081.htm

Til toppen