Nye sanksjonar mot Russland er innført i norsk rett

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Noreg har innført ei ny runde med sanksjonar mot president Putin og det russiske regimet. Sanksjonane speglar EU si niande sanksjonspakke, som vart vedteke i EU 16. desember 2022.

– Det er heilt naudsynt å reagera mot Russland si brutale krigføring i Ukraina. Noreg held difor fram med å stå saman med EU om styrka sanksjonar mot Russland, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Den nye sanksjonspakka går lenger i å innføra restriksjonar på varer og tenester som er viktige for Russland. Dei historisk omfattande sanksjonane skal redusere Russland si evne til å finansiere den folkerettsstridige krigen i Ukraina.

– Moglegheitene for å drive handel med Russland er no særs avgrensa og inneber høg risiko, understrekar utanriksministeren.

Fakta om dei nye sanksjonane mot Russland

  • Listeføring av ytterlegare 141 personar og 49 einingar. Listeføringane er allereie gjennomført i norsk rett.
  • Av omsyn til global mattryggleik vert det lagt opp til nye heimlar for frigjeving av, og tilgang til å stille til rådigheit, midlar til personar som før listeføringa av dei hadde ei viktig rolle i internasjonal handel med landbruksprodukt og matvarer (§ 6b).
  • Tilføying av Russian Regional Development Bank til lista over statseide selskap som er forbode å delta i transaksjoner med (§ 8ca).
  • Forbod mot å inneha stillingar i juridiske personar eigd eller kontrollerte av russiske offentlege institusjonar (§ 8ca).
  • Nye eksportrestriksjonar, knytt til fleirbruksvarer og -teknologi (§ 16), og varer og teknologi som kan bidra til å forbetre Russland sin militære og teknologiske kapasitet (§ 16a). Lista over einingar knytt til Russland sitt militære- og industrikompleks vert utvida med 168 einingar, inkludert russisk-kontrollerte einingar på Krim og i Sevastopol.
  • Utviding av forbodet mot investeringar i energisektoren, ved å inkludera bergverksdrifts- og utvinningssektoren i Russland (§ 17a).
  • Utviding av eksportrestriksjonar knytt til varer til bruk i luftfarts- og romindustrien, til å inkludera motorar til luftfartøy og deira delar (§ 17c).
  • Forbod mot yting av visse ytterligare tenester, under dette utføring av marknadsundersøking og meiningsmålingar, tekniske tester og analysetenester samt marknadsføringstenester, til den russiske regjeringa eller juridiske personar etablert i Russland (§ 19c).
  • I tillegg til endringane frå EU si niande sanksjonspakke er §§ 17g og 17h i forskrifta endra for å presisere at overføring og kjøp av listeførte varer internt i Noreg er tillate, samt for å tillate kjøp, import og overføring av listeførte varer frå EU til Noreg. I EU kan varer som er innført før listeføring eller ila. overgangsperiodar fritt sirkulere på EU sin marknad. Sidan Noreg ikkje er del av EU sin tollunion, har me ikkje hatt høve til å leggje same forståing til grunn. Endringa vil harmonisera praktiseringa av importføresegna med EU.

Rettleiing til næringslivet

Utanriksdepartementet sin rettleiar for næringslivet finn du på regjeringa.no og vert oppdatert.

Lovtekstar

Forskriftsendringane som Utanriksdepartementet i dag har innført, er naudsynte for å gjennomføre EU sine sanksjonar i Noreg.

Nærare informasjon om alle dei nye tiltaka er tilgjengeleg i endringsforskrifta (PDF).

Endringsforskrifta trer i kraft omgåande, og vert publisert på Lovdata.